Historisk arkiv

Prop. 136 S (2012-2013):

Store investeringar i Forsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Regjeringa foreslår i Prop. 136 S (2012-2013) 7 nye bygge- og anleggsprosjekt med ei samla kostnadsramme på om lag ca 1,6 mrd. kroner. Dette fordelar seg på prosjekt på Bardufoss, Haakonsvern, Rena og Bodø. I tillegg foreslår regjeringa å utvide tingingsfullmakta for kampflyprogrammet for å anskaffe seks F-35 kampfly. Vidare inneheld proposisjonen ein sak om vidare utvikling av Forsvarets spesialstyrker. Proposisjonen inneheld og nokre saker til informasjon. –Desse investeringane vil bli eit kjempeløft for Forsvaret og vil bidra til å byggja opp forsvarsstrukturen i inneverande langtidsplan, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Regjeringa foreslår i Prop. 136 S (2012-2013) 7 nye bygge- og anleggsprosjekt med ei samla kostnadsramme på om lag 1,6 mrd. kroner. Dette fordelar seg på prosjekt på Bardufoss, Haakonsvern, Rena og Bodø. I tillegg foreslår regjeringa å utvide tingingsfullmakta for kampflyprogrammet for å anskaffe seks F-35 kampfly. Vidare inneheld proposisjonen ein sak om vidare utvikling av Forsvarets spesialstyrker. Proposisjonen inneheld og nokre saker til informasjon.

–Desse investeringane vil bli eit kjempeløft for Forsvaret og vil bidra til å byggja opp forsvarsstrukturen i inneverande langtidsplan, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Dette er dei 7 nye prosjekta som handsamas i proposisjonen:

Fornying og auke av kapasiteten til infrastrukturen i Rusta leir på Bardufoss

-Med dette prosjektet er grunnlaget lagt for den videre utviklinga av «nye Bardufoss leir», seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Forsvaret legg gjennom den heilskaplege gjennomføringsplanen for Bardufoss opp til ei samling av verksemda til Forsvaret i Rusta leir. Eksisterande infrastruktur i Rusta leir vart hovudsakleg etablert på 1950- og 1960-talet, og den har no i stor grad passert sin tekniske levealder. Vidare krev Forsvaret sitt ynskje om å sentralisera verksemda til Forsvaret på Bardufoss i Rusta leir auka behov for infrastruktur i leiren. I tillegg skal prosjektet sikra ein tydeleg funksjonsinndeling og rasjonell utnytting av areala i Rusta leir.

Prosjektet omfattar ein total fornying og auke av kapasiteten på vann, avlaup, overvatn, lågspent, høgspent og tele/data i bakken. Det er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 172 mill. kroner.

Bardufoss – hovudbase for helikopter

-Stortinget har lagt til grunn at hovudbasen for Forsvarets helikopterstruktur skal vere på Bardufoss. Når prosjektet er ferdigstilt har Luftforsvaret sine helikopter på Bardufoss gode fasilitetar for å øve og utvikle samvirke og operativ verksemd mellom 337 skvadronen og Kystvakta og 339 skvadronen og Hæren, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Stortinget har vedteke at 334 skvadronen, 337 skvadronen og 339 skvadronen skal organiserast under ei felles leiing på Bardufoss. 139 Luftving på Bardufoss vert hovudbase for helikopterstrukturen til Forsvaret.

Prosjektet omfattar nye hangarar, kontor og plassar for oppstilling av helikopter i tilknyting til eksisterande helikopterbase på Bardufoss. Kontor og rom for operative funksjonar vil verte etablert i eit nytt administrasjonsbygg. Det vil byggast ein ny hangar med plass for å vedlikehalde, lagre og klargjera NH90. Utanfor bygget vil det etablerast landingsplass, taksebane og plassar for oppstilling av helikopter. I tillegg vil eksisterande Hangar 5 verte tilpassa for klargjering av NH90. Vidare vil det verte gjennomført mindre tiltak i Hangar 4 for vidareføring som verkstad for Bell 412 og lager for bakkeutstyr til helikopterdrifta på Bardufoss.

Prosjektet for etablering av helikopterbasen på Bardufoss er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme (P85) på 512 mill. kroner.

Haakonsvern – etablering av helikopterdetasjement

- I denne proposisjonen legg regjeringa fram eit investeringsprosjekt som omfamnar hovuddelen av etableringa av helikopterdetasjementet på Haakonsvern. Frå detasjementet på Haakonsvern vil Forsvaret operera seks NH90-helikoptre. Med denne investeringa er det lagt svært godt til rette for trening mellom helikopter og fregattar, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Stortinget har lagt til grunn at Bardufoss flystasjon skal utviklast som hovudbase for Forsvaret sine helikopter. Det skal etablerast eit detasjement i Sør-Noreg for å støtte Kystvakta og Fregattvåpenet, og detasjementet vil bli plassert på Haakonsvern.

Prosjektet omfattar hangarar, kontor og plasser for oppstilling av helikopter på Store Bogøy på Haakonsvern. Kontor og rom for operative funksjoner vil verte etablert i eit eksisterande kontorbygg. Det byggast eit nytt bygg med plass for vedlikehald, garasjering og klargjøring av NH90. I bakkant av hangaren etablerast verkstader, lager for utstyr og omkledingsrom. Utanfor bygget etablerast landingsplass, taksebane og plasser for oppstilling av helikopter.

Prosjekt Haakonsvern – etablering av helikopterdetasjement er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme (P85) på 275 mill. kroner.

Nytt administrasjonsbygg for Forsvarets logistikkorganisasjon på Haakonsvern

-Det nye administrasjonsbygget til FLO vil gje gode kostnadseffektive fasilitetar for å støtte verksemda på Sjøforsvarets hovudbase. Bygget vil verte Forsvarets første nullenergibygg og vil gje Forsvaret gode erfaringar med tanke på å bidra til regjeringas målsetting om nesten nullenerginivå på nye bygg frå 2020, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Forsvarets logistikkorganisasjon støttar opp under verksemda til Sjøforsvaret. For å ivareta behova til dei operative kapasitetane i Sjøforsvaret nyttar Forsvarets logistikkorganisasjon blant anna det gamle depotbygget på Haakonsvern som administrasjonsbygg/kontorbygg i sin daglege verksemd. Det gamle depotbygget er bygd i 1962 og har betydelege fornyingsbehov for å oppfylle forskriftskrav innanfor områdane helse, miljø og tryggleik. Teknisk tilstand på bygget inneber at tiltak må gjennomførast innan tre til fem år.

Det er difor naudsynt å erstatte fasilitetane i det gamle depotbygget med nye kontor- og lagerfasilitetar. Prosjektet omfattar bygging av eit nybygg med 97 kontorarbeidsplassar, kartlager og arkiv i nærleiken av logistikksenteret på Haakonsvern.

Nybygget vert bygd som eit nullenergibygg (Zero emission building) for å skaffe erfaringar med tanke på og nå Regjeringa si målsetjing i Meld. St. 21 (2011-2012) – Norsk klimapolitikk - om nesten nullenerginivå på nybygg frå 2020.

Prosjekt for nytt administrasjonsbygg for Forsvarets logistikkorganisasjon på Haakonsvern er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 112 mill. kroner.

Haakonsvern – administrasjonsbygg og fleirbrukshallar til Marinejegerkommandoen

-Prosjektet vil gje Marinejegerkommandoen på Haakonsvern gode, tilpassa og kostnadseffektive fasilitetar for å oppretthalde den høge kvaliteten norske spesialstyrkar har slik at dei kan fortsette å løyse komplekse og krevjande oppdrag for Noreg både nasjonalt og internasjonalt, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Stortinget har lagt til grunn at Marinejegerkommandoen skal vere lokalisert på Haakonsvern orlogsstasjon med ei eining for styrkeproduksjon, trening og øving ved Ramsund orlogsstasjon.

Prosjektet omfattar bygging av eit nytt administrasjonsbygg og to fleirbrukshallar i området rundt den gamle MTB-hamna på Haakonsvern. Prosjektet omfattar kostnader for riving av den gamle MTB-hangaren på Haakonsvern, samt miljøsanering av tomta.

Prosjektet for nybygga til Marinejegerkommandoen er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme (P85) på 296,0 mill. kroner.

Rena – nytt bygg for dropp- og fallskjermmateriell

-Dette er eit nytt bygg på Rena som skal ivareta behov knytt til Forsvarets kapasitet for innsetting frå lufta. I nybygget vil det vere plass for å rigga last som kan bli droppa frå fly. Prosjektet er viktig å gjennomføre for å støtte oppunder spesialstyrkanes behov for å øve og trene og ivareta materiellet på ein god måte, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

For å ivareta spesialstyrken sine krav til dei operative kapasitetane til innsetjing frå lufta, er det naudsynt å byggje nye fasilitetar på Rena. Prosjektet omfattar bygging av eit tradisjonelt industribygg som vert plassert nær Rena flyplass. I det nye bygget vil det vere plass for å rigge last som kan bli droppa frå fly, og det vil vere rom for å oppbevare, pakke og tørke droppmateriell og fallskjermar. Prosjektet for nytt bygg for dropp- og fallskjermmateriell på Rena er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme (P85) på 108 mill. kroner.

Bodø hovudflystasjon - utbetring av hovudrullebana

-Utbetring av hovudrullebana ved Bodø hovudflystasjon er naudsynt for å oppretthalde tryggleiken for personell og materiell, hindre ytterligare verdiforringing og redusere risiko for driftsavbrot. Dette vil sikre operativ tilgjengelegheit og lave driftskostnader i Bodø i ein 10-års periode, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Hovudrullebana ved Bodø hovudflystasjon har alvorlege skadar og manglar. Utbetring av hovudrullebana er difor naudsynt for å oppretthalde tryggleiken for personell og materiell, og for å hindre ytterlegare verdiforringing og risiko for betydelege driftsavbrot. Forsvarsbygg har tilrådt ei løysning med å leggje epoxybelegg med friksjonsdekke på eksisterande overflate, noko Forsvaret har støtta. Avinor har og gitt tilslutnad til forslaget.

Stortinget har vedteke at det skal opprettast éin hovudbase for kampfly på Ørland flystasjon og at Bodø hovudflystasjon skal leggjast ned. Den militære flyaktiviteten i Bodø vil gradvis avviklast som ei følgje av nedlegginga. Den sivile verksemda ved Bodø lufthamn vil verte vidareført.

I samsvar med samarbeidsavtala mellom Forsvaret og Avinor om flyplass- og flytryggjingsverksemd, vil drifts- og investeringskostnaden som følgjer av prosjektet verte fordelt mellom Forsvaret og Avinor over tid, basert på militære og sivile flybevegelsar.

Prosjektet er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 162 mill. kroner.