Historisk arkiv

Ny avtale om IMFs multilaterale innlånsordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet legg i dag fram ein proposisjon der Stortinget vert invitert til å gi sitt samtykke til at Noreg sluttar seg til ei utviding av IMFs multilaterale innlånsordning ”New Arrangements to Borrow” (NAB).

Finansdepartementet legg i dag fram ein proposisjon der Stortinget vert invitert til å gi sitt samtykke til at Noreg sluttar seg til ei utviding av IMFs multilaterale innlånsordning ”New Arrangements to Borrow” (NAB).

NAB-ordninga er ei multilateral låneordning der nokre av medlemslanda har lova å gi IMF kortsiktige lån for å styrke likviditeten i krisesituasjonar, og slik auke IMF si evne til å førebyggje alvorleg uro eller krise i det internasjonale finansielle systemet. IMFs styre vedtok i april 2010 eit forslag til ei utvida og meir fleksibel ordning. Tretten nye land sluttar seg til avtalen, og den nye utlånsramma på 367 467 mill. SDR inneber meir enn ei tidobling samanlikna med den nogjeldande avtalen. Noreg sitt bidrag aukar frå 379 mill. SDR til 3 871 mill. SDR.

Den nye NAB-avtalen skal mellom anna avløyse dei bilaterale låneavtalane som IMF har inngått med fleire av medlemslanda. Også den bilaterale låneavtalen på 3 mrd. SDR mellom Noregs Bank og IMF vil såleis etter kvart verte erstatta av den nye multilaterale avtalen.

Noreg har vore med i NAB-ordninga sidan ho vart oppretta i 1998.

Les proposisjonen her