Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

CO2-avgift på naturgass og LPG

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår å innføre CO2-avgift på gass med verknad frå 1. juli i år. Avgifta vil være på same nivå som CO2-avgifta for mineralolje og omfatte oppvarming av bygg og landbasert transport.

Regjeringa foreslår å innføre CO2-avgift på gass med verknad frå 1. juli i år. Avgifta vil være på same nivå som CO2-avgifta for mineralolje og omfatte oppvarming av bygg og landbasert transport. Gass til bruk i industrien og til verksemder med kvotepliktige utslepp, får redusert avgift. Regjeringa tek òg sikte på at gass til bruk i innanriks skipsfart skal få fritak for avgifta.

Stortinget har tidlegare vedteke å innføre CO2- avgift på gass. Vedtaket er ikkje sett i verk fordi avgifta truleg ikkje hadde blitt godkjent av EFTAs overvakingsorgan (ESA). Dagens framlegg er i tråd med regelverket for offentleg støtte i EØS-avtala.

Den allmenne avgifta på LPG og naturgass er sett til same nivå som for mineralolje, rekna som kroner per tonn CO2. For 2010 gjeld avgiftssatsar på 0,43 kroner per Sm3 naturgass og 0,65 kroner per kg LPG, som svarer til 218 og 217 kroner per tonn CO2. Forslaget vil føre til at ein større del av utsleppa av klimagassar vil bli pålagt avgifter. Skilnaden mellom dette forslaget og vedtaket i budsjettet for 2010 er at landbasert transport får den generelle CO2-avgifta.

Forslaget inneber vidare at gass til bruk i industrien – på same måte som i el-avgifta – får redusert sats. Det same gjeld gass til bruk i kvotepliktige verksemder. Denne satsen er 0 kroner for LPG og 0,05 kroner per Sm³ naturgass. Gass som blir nytta til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske eller mineralogiske prosessar, får fullt fritak sidan dei ikkje er omfatta av energiskattedirektivet.

Fiske og fangst i nære og fjerne farvatn og veksthusverksemda får fritak for avgifta. Regjeringa tek òg sikte på at gass til bruk i innanriks skipsfart skal få fritak for avgifta så snart det er heilt avklart at eit slikt fritak er i samsvar med EØS-avtala.

Budsjettdokumenta er tilgjengeleg på www.statsbudsjettet.no

 

Til toppen