Historisk arkiv

Styrking av rammeverket for Statens pensjonsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Meldinga om forvalting av Statens pensjonsfond dreg opp rammene for eit nytt regelverk for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU). – Det nye regelverket vil vere meir oversynleg og er tufta på ei klår deling av ansvar og roller mellom Finansdepartementet og Noregs Bank, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Meldinga om forvalting av Statens pensjonsfond dreg opp rammene for eit nytt regelverk for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU). – Det nye regelverket vil vere meir oversynleg og er tufta på ei klår deling av ansvar og roller mellom Finansdepartementet og Noregs Bank, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Meldinga vurderer også alternative organisasjonsformer for forvaltinga av SPU.
– Eg tek sikte på å vidareføre dagens modell med forvalting i Noregs Bank, seier finansministeren.

I meldinga om forvaltinga av Statens pensjonsfond skildrar departementet korleis eit nytt regelverk for SPU er tenkt utforma. Det er brei politisk semje om at Noregs Bank skal ha ein viss grad av fridom i forvaltaroppdraget sitt, og at reglane som blir fastsette av departementet bør vere rammeprega og prinsippbaserte. Jamleg detaljstyring frå departementet er verken mogleg eller ønskjeleg.

– Utfordringa er å finne ei riktig jamvekt mellom tilstrekkeleg styring og oppfølging, og nødvendig grad av delegering. Det nye regelverket er tilpassa dagens innhald i forvaltaroppgåvene og vil balansere desse omsyna på ein god måte, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Stortingets finanskomité har bede Finansdepartementet vurdere fordelar og ulemper med dagens ordning med forvalting av SPU i Noregs Bank. I meldinga drøftar departementet andre modeller heldt opp mot ordninga i dag. I meldinga blir det ikkje lagt opp til noka endring av dagens forvaltingsmodell.
– Dagens organisering med forvalting i Noregs Bank fungerer godt, og i den seinare tida har både banken og departementet sett i verk fleire tiltak for å styrkje denne forvaltingsmodellen, seier finansministeren.

Samtidig med meldinga fremjar departementet etter framlegg frå representantskapet i Noregs Bank ein proposisjon om å endre reglane i sentralbanklova om rapporteringa representantskapet gjer til Stortinget, og om fastsetjing av godtgjersle for representantskapet. Meldinga frå representantskapet om tilsynet med banken blir i dag sendt departementet for å bli lagd fram for Kongen og meldast Stortinget. Meldinga frå representantskapet om tilsynet med banken er vorten utvida dei seinare åra, men er framleis kortfatta.
 
– For å gje Stortinget betre innsikt i tilsynsverksemda gjer eg framlegg om å innføre minstekrav til rapporteringa frå representantskapet. Rapporteringa skal omhandle korleis tilsynet har vore organisert, kva tilsynshandlingar som er gjennomførde, og om vidare prioriteringar i tilsynsarbeidet. Forvaltinga av SPU står i ei særstilling i banken, og eg føreslår derfor eit eige krav om å gjere greie for tilsynet med kapitalforvaltinga, seier Johnsen.

– Eg gjer òg framlegg om at representantskapet skal rapportere direkte til Stortinget. Det er Stortinget som er den endelege mottakaren av meldinga, og da er det ryddigast at ho blir lagd direkte fram for Stortinget, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
 
Representantskapet er Stortingets tilsynsorgan i Noregs Bank, men i dag er det departementet som fastset godtgjersla.
– Vi gjer nå framlegg om at Stortinget, som står for oppnevninga av representantskapet, også bør fastsette godtgjersla, seier Johnsen.