Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2010 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2010 vart 104,1 milliardar kroner. Det er 5,3 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2010.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2010 vart 104,1 milliardar kroner. Det er 5,3 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2010. Skatte- og avgiftsinntektene vart om lag 4 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Medrekna annan auke i inntektene, vart dei samla inntektene 7,4 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 2,1 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det er overført 109,4 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond utland til stats-budsjettet. Det svarer til det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget i desember 2010. I rekneskapen vart det oljekorrigerte underskotet 104,1 milliardar kroner, og statsrekneskapen vert såleis gjort opp med eit overskot på 5,3 milliardar kroner.

Samanlikna med saldert budsjett for 2010 vart det oljekorrigerte underskotet 49,7 milliardar kroner lågare. Inntektene vart 39,3 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 10,4 milliardar kroner lågare enn i saldert budsjett. Om lag 36,5 milliardar kroner av inntektsauken er høgare skatte- og avgiftsinntekter. Utgiftsnedgangen kjem stort sett av lågare utgifter til folketrygda.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet, er no rekna til 112,4 milliardar kroner i 2010. Det er 36,1 milliardar kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2010 og drygt 7,1 milliardar kroner lågare enn rekna i nysalderinga. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2010 er rekna til 105,7 milliardar kroner, svarande til 4 prosent av fondet ved inngangen til året. Bruken av petroleumsinntekter vart dermed knapt 6,8 milliardar kroner høgare enn venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Det strukturelle, oljekorrigerte under-skotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på utgiftene og inntektene i statsbudsjettet.

Statsrekneskapen syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 276,0 milliardar kroner. Beløpet vart overført Statens pensjonsfond utland, medan det i samsvar med nysaldert budsjett vart ført tilbake 109,4 milliardar kroner til statskassa. Netto renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond vart samla 90,6 milliardar kroner. Av dette gjeld 86,1 milliardar kroner Statens pensjonsfond utland og 4,4 milliardar kroner  Statens pensjonsfond Noreg. Overskotet i Statens pensjonsfond vart dermed 257,1 milliardar kroner. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 252,7 milliardar kroner. Det samla overskotet i statsbudsjettet (5,3 milliardar kroner) og Statens pensjonsfond (257,1 milliardar kroner) vart  262,4 milliardar kroner.

Den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland auka med 438,9 milliardar kroner, frå 2 642,0 milliardar kroner ved utgangen av 2009 til 3 080,9 milliardar kroner ved utgangen av 2010. Overskotet auka verdien av fondet med 252,7 milliardar kroner, medan netto kursvinst auka fondet  med drygt 166,3 milliardar kroner. Tilført kapital ved avviklinga av Statens petroleumsforsikringsfond auka kapitalen i fondet med 19,8 milliardar kroner.

Frå utgangen av 2009 til utgangen av 2010 auka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 17,8 milliardar kroner, frå 117,1 milliardar kroner til 134,9 milliardar kroner. Endringa kjem av netto renteinntekter og utbyte på 4,4 milliardar kroner og samla kursvinst på aksje- og renteplasseringane på 13,4 milliardar kroner.

 

Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett 2010

 (beløp i mill. kroner)

Saldert
 budsjett

Nysaldert
 budsjett

Rekneskap

1. Statsbudsjettet

  A Inntekter i alt

974 105

1 053 683

1 064 766

  A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda

244 789

292 436

296 104

  A.2 Inntekter utanom petroleumsverksemda

729 316

761 247

768 663

  B Utgifter i alt

907 496

891 299

892 879

  B.1 Utgifter til petroleumsverksemda

24 400

20 697

20 146

  B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemda

883 096

870 603

872 733

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet(A.2-B.2)

-153 780

-109 356

-104 070

+ Overført frå Statens pensjonsfond utland

153 780

109 356

109 356

= Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

0

0

5 285

2. Statens pensjonsfond

Netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

220 389

271 740

275 957

- Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

153 780

109 356

109 356

+ Renteinntekter og utbyte i fondet

105 600

84 400

90 546

= Overskot i Statens pensjonsfond

172 209

246 784

257 148

3. Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond Samla overskot

172 209

246 784

262 433

 

Meld. St. 3 (2010–2011)