Historisk arkiv

Statens klimakvotekjøp reduserer utsleppet av klimagassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Innlegg i Dagens Næringsliv

Det er ikkje noko løysing å melde seg ut av noko som kan utvikle seg til eit svært effektivt system for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar, skriv avdelingsdirektør Sigurd Klakeg.

Ein artikkelserie i Dagens næringsliv set søkjelyset på den internasjonale kvotemarknaden generelt og på statens kvotekjøp spesielt. Lesaren må sitje att med eit inntrykk av at den marknaden som byggjer på FN-godkjenning, ikkje leverer reduksjonar i klimagassutsleppa etter intensjonane, og at kvotar frå vasskraft er spesielt tvilsame. Dette er feil.

Staten melde seg på som aktør i kvotemarknaden først i 2007. Gjennom vedtaket om å overoppfylle skyldnadene våre etter Kyotoprotokollen oppstår det eit behov for å delta i tiltak i andre land som skal føre til reduksjon av utsleppa av klimagassar. Det er vedtatt at dette skal skje gjennom kostnadseffektive tiltak der ein får størst mogeleg reduksjon for pengane. Kjøp som går til overoppfylling av skyldnadene våre, har ikkje sitt motstykke i norske utslepp. Berre 1 til 2  av dei 6 til 7 million tonn kvotar vi skal kjøpe årleg, går til oppfylling av våre Kyotoskyldnader.

Eit lite land som Noreg har mykje å vinne på fellesskapsløysingar, slik også i klimaspørsmål. Vi satsar derfor på FN-sporet, i dette tilfellet det godkjenningssystemet for klimatiltak som gjev opphav til omsetjelege kvotar. Det finst ikkje noko kostnadseffektivt alternativ til dette. Det er etablert eit omfattande system for godkjenning av prosjekt. Det er først når prosjektet har passert gjennom tre uavhengige instansar med endeleg godkjenning av eit FN-organ under Klimakonvensjonen (UNFCCC), at ein kvote blir skapt. Knapt noko vare som staten kjøper, er underlagt eit slikt kontrollsystem.

Regelverk og institusjonar har vore under utvikling og oppbygging i lang tid før staten for alvor melde seg på i denne markanden. Mykje av kritikken som no blir framført, skriv seg frå feiltrinn i oppbyggingsfasen. Vi trur at det er tatt avgjerande grep for å rette på desse mistaka. Vi er likevel vaktsame. Når vi ser at det er rom for forbetringar, arbeider vi for det gjennom våre kanalar. Det er ikkje noko løysing å melde seg ut av noko som kan utvikle seg til eit svært effektivt system for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. 
 
Statens første kvotekjøp er frå eit vasskraftprosjekt i Kina. Dette blir framstilt som kontroversielt. DN gjev eit uriktig bilde av kva prosjektet i Kina sit att med av kvoteinntektene. Med den grundige research avisa har gjort, går eg ut frå at det ikkje har gått hus forbi at Kina har innført prisregulering på CDM-kvotar, og at prisen ikkje kan være lågare enn 8 til 9 euro per tonn. Denne reguleringa gjeld også for gamle avtalar. Det  betyr at det aktuelle kraftverket som eit minimum vil få om lag 200 mill. kroner frå sitt kvotesal (staten har ikke kjøpt alle kvotene fra dette kraftverket).  Vi trur at dette har hatt betydning for gjennomføringa av prosjektet. Sertifiseringsinstuttet, TÜV Süd, har klarert prosjektet, og kinesiske styresmakter har gitt vertslandsgodkjenning. Vi legg imidlertid avgjerande vekt på vurderinga til FN-organet. Denne vil ikkje føreligge før tidlegast om  nokre månader.

EU godkjenner kvotar frå vasskraftprosjekt i bedriftsmarknaden (ETS). For vasskraftsverk med meir enn 20 MW installert kapasitet er det eit krav at prosjektet er i samsvar med retningslinjene i World Commission on Dams. EU arbeider med nærare retningslinjer for denne godkjenninga. På vår side har vi gjort ein grundig jobb i å analysere prosjektet i Kina. Vi er trygge på at ”vårt” kraftverk oppfyller dei overordna krava i rapporten frå World Commission on Dams. NVE har på oppdrag frå Finansdepartementet laga ei grundig analyse som ligg ute på heimesida vår (www.carbonneutralnorway.no). Vi har dessuten gjort undersøkingar gjennom andre kanalar, mellom dei ein sentral NGO, om det kan vere kritikkverdige forhold ved dette prosjektet. Det synest ikkje å vere tilfelle. Spørsmålet om addisjonalitet, om prosjektet verkeleg fører til reduserte utslepp av klimagassar, er ikkje vurdert av disse instansane. Våre eigne vurderingar gir klare indikasjonar på at prosjektet er addisjonelt, men vi legg, som nemnt ovanfor,  avgjerande vekt på den konklusjonen FN-organet trekkjer. Dersom FN-organet kjem til at vasskraftverket ikkje kvalifiserer som CDM-prosjekt, fell avtalen om statens kvotekjøp bort.

Øko-Institut i Berlin har utarbeidd ein rapport for WWF som systematisk går gjennom FN-systemet og som kjem med forslag til forbetringar. Rapporten konkluderer med at CDM har ført til vesentlege reduksjonar i klimagassutslepp, og at CDM, når visse veikskapar er retta på, vil halde fram å vere eit viktig instrument i kampen mot globale klimaendringar. Det meiner vi også.