Historisk arkiv

Forlenga drift av Loran-C ved dei norske stasjonane ut 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa går inn for å vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen ut 2009. Bakgrunnen er fornya interesse for dette bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa.

Pressemelding

Nr.: 53/2006
Dato: 23.06.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37 / 91 54 42 35

Forlenga drift av Loran-C ved dei norske stasjonane ut 2009

Regjeringa går inn for å vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen ut 2009. Bakgrunnen er fornya interesse for dette bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa.

Det er no fornya interesse i Europa for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag ingen endeleg avklaring i saka. Fiskeri- og kystdepartementet har blant anna fått oppmodingar frå EU og frå britiske og franske styresmakter om vidare drift av Loran-C. Storbritannia har starta nasjonal prøvedrift av Loran-C, medan Frankrike har bestemt å vidareføre systemet til 2015.

Også Russland har vist interesse for vidare norsk drift, og eit muleg samarbeid med det tilsvarande russiske navigasjonssystemet – Chayka.

- Dei avgjerder som vert tatt i Europa innan utløpet av 2009 når det gjeld val av backup-system blir viktige element for Norges holdning til kva som vil skje med drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter 2009, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.