Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Yngve Torgersen avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Yngve Torgersen er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Torgersen skal arbeide i Avdeling for havbruk, sjømat og marknad. Dette er ei avdeling med både nasjonale, europeiske og globale oppgåver.

Pressemelding

Nr.: 21/2006
Dato: 24.03.2006
kontaktperson: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim tlf. 22 24 64 60

Yngve Torgersen avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Yngve Torgersen er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Torgersen skal arbeide i Avdeling for havbruk, sjømat og marknad. Dette er ei avdeling med både nasjonale, europeiske og globale oppgåver.

Yngve Torgersen er 43 år og utdanna cand. scient. innan mikrobiologi ved Universitetet i Oslo. I tillegg har han befalsutdanning frå Forsvaret.

Frå 1989 til 1995 arbeidde Torgersen som forskar ved Veterinærinstituttet. Seinare har han hatt ulike stillingar i Landbruks- og matdepartementet der han også har fungert som leiar i Seksjon for dyrehelse. Frå 2002 har Yngve Torgersen vore nasjonal ekspert i Europakommisjonen og arbeidd særleg med utviklinga av nytt fiskehelsedirektiv i EU/EØS.

I Fiskeri- og kystdepartementet vil Torgersen få leiaroppgåver innan fiskehelse/fiskevelferd og andre spørsmål knytt til sjømattryggleik.

Til toppen