Historisk arkiv

Regulering av fisket etter vassild 2008 nord for 62°N

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild nord for 62°N i 2008. Totalkvoten vert vidareført frå 2007 og er på 12.000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild nord for 62°N i 2008. Totalkvoten vert vidareført frå 2007 og er på 12.000 tonn. 

Fisket vert opna 1. mars 2008. Av kvoten på 12.000 tonn skal 2.400 tonn fiskast etter 19. mai. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn med høve til  bifangst på 20 % ved fiske etter andre artar etter at totalkvoten er oppfiska.

Tilsvarande tilgang til bifangst gjeld òg nord for 62°N for fartøy som ikkje har vassildtrålløyve. 

Reglane om at kvart fartøy berre kan fiske og levere ein kvote (med dei unntak som følgjer av spesielle kvoteordningar) gjeld også for fartøy som deltar i fisket etter vassild. Reglane om kvoteutnytting ved sal og utskifting av fartøy vert innførte i fisket etter vassild.