Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 885 dyr for vågekval-fangsten i 2009.

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 885 dyr for vågekval-fangsten i 2009.

Kvoten er litt lågare enn i 2008. Dette har samanheng med at vi i 2009 går inn i ein ny forvaltningsperiode og ikkje kan overføre ubrukt kvote frå i fjor. 885 dyr er den årlege basiskvoten for femårsperioden 2009 – 2013.

Det vil i 2009 bli tillate å ta inntil 750 dyr i områda langs kysten og ved Svalbard. Resten av kvoten kan takast i sona ved Jan Mayen.

Kvoten er basert på bestandsstørrelsen ein kom fram til etter telletokta i tidsrommet 2003 – 2007. Modellen som er nytta ved fastsetjing av kvoten er konservativ. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) meiner gir fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen ventar at IWCs vitskapskomité neste år fullfører arbeidet med justering av metoden for kalkulering av fangstkvotar for vågekval og andre bardekvalar. Det er viktig for komiteen at råda dei gir er baserte på resultata av den nyaste forskinga.

Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 99 54 00 33/ 22 24 26 68