Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

”Murmansk” og ”U-864” skal handterast miljøforsvarleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Hausten 2008 vart det konkludert med at vraket av kryssaren ”Murmansk” som ligg utanfor Sørvær i Hasvik kommune kan fjernast. Kystverket er no godt i gang med det førebuande arbeidet. Regjeringa bestemte også i januar i år at ubåten U-864 utanfor Fedje skal hevast og at forureina havbotn skal dekkjast til med reine massar. Det er svært viktig at heving og fjerning av desse to vraka blir handtert forsvarleg, både når det gjeld sikkerheit og miljø, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å løyve 81,5 millionar kroner for å dekkje kostnadene i 2009 knytt til arbeidet med å fjerne vraket av kryssaren ”Murmansk”. For at Kystverket skal kunne inngå forpliktande kontrakt med budsjettkonsekvensar utover budsjettåret 2009, ber regjeringa også om Stortinget sitt samtykke til at Fiskeri- og kystdepartementet i 2009 kan forplikte staten innanfor ei kostnadsramme på 328 millionar kroner til fjerning av vraket, seier fiskeri- og kystministeren.

- Det er rekna med at den tyske ubåten U-864 hadde ei last på 65-70 tonn metallisk kvikksølv då fartøyet vart torpedert i 1945. Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å løyve 8,2 millionar kroner til vidare arbeid i 2009. Betydelege delar av dei førebuande arbeida blir gjennomførde i 2010, og hevingsoperasjonen er planlagt gjennomført sommaren 2011, seier Helga Pedersen.

Til toppen