Historisk arkiv

Norsk forslag om nye internasjonale retningslinjer mot utkast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Årleg blir det kasta opp mot 20 millionar tonn fisk på havet globalt. Dette er fisk som kunne vore verdifull mat. Noreg har derfor fremma eit forslag om å lage internasjonale retningslinjer for bifangsthandtering og reduksjon av utkast for FNs mat- og jordbruksorganisasjon FAO, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Årleg blir det kasta opp mot 20 millionar tonn fisk på havet globalt. Dette er fisk som kunne vore verdifull mat. Noreg har derfor fremma eit forslag om å lage internasjonale retningslinjer for bifangsthandtering og reduksjon av utkast for FNs mat- og jordbruksorganisasjon FAO, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Noreg la fram forslaget på det 28. møtet i Komiteen for fiskeri og akvakultur (COFI) i FAO som vart arrangert 2. til 6. mars.

- Dette er eit svært viktig tiltak for å sikre ei berekraftig forvaltning av fiskeressursane. Det norske forslaget fekk brei støtte, og FAO vil no, med norsk bidrag i finansieringa, setje i gang ein prosess som vil føre fram til globale retningslinjer på dette området. Det er eit alvorleg problem at fisk som kunne blitt mat til mange berre blir kasta, og i Fiskeri– og kystdepartementet har vi lagt svært stor vekt på arbeidet mot utkast det siste året, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.  

Det norske forslaget og gjennomslaget i FAO, er ei vidareføring av eit målretta arbeid for å skape større interesse for bifangst og utkastsproblematikk i internasjonale fora. Noreg var blant anna pådrivar for å få utkastspørsmålet inkludert i fiskeriresolusjonen som FNs generalforsamling vedtok i november 2008. Noreg sette også søkjelyset på utkast i forhandlingane sist haust om fiskeriavtalen med EU for 2009. Her vart det gjort store framsteg i arbeidet med å redusere utkastet. 

- Det er også viktig at vi styrkjer innsatsen i Noreg. Havressurslova som gjeld frå 1. januar 2009 får mykje å seie for det nasjonale arbeidet på feltet, og norske fiskeristyresmakter har styrka regelverket mot utkast med verknad frå i år, avsluttar fiskeri- og kystministeren.