Historisk arkiv

Regulering av fisket etter ål i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter ål i 2010. På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vart det i 2009 innført forbod mot fiske etter ål for fritidsfiskarar. I 2010 vert det innført eit lisensiert overvakingsfiske etter ål innafor ei ramme på 50 tonn, der berre utvalde yrkesfiskarar vil få høve til å delta.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket
etter ål i 2010. På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vart det i 2009 innført forbod mot fiske etter ål for fritidsfiskarar. I 2010 vert det innført eit lisensiert overvakingsfiske etter ål innafor ei ramme på 50 tonn, der berre utvalde yrkesfiskarar vil få høve til å delta.

Situasjonen for den europeiske ålen har blitt sterkt forverra dei siste åra, og Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har tilrådd ein stor reduksjon i haustinga så snart som mogleg. For å halde streng kontroll med uttaket og samstundes samle informasjon om bestandsutviklinga, vert det i 2010 innført eit overvakingsfiske med tildelte kvotar og med geografisk fordeling i samsvar med følgjande tabell:

Fylke

Kg ål

Talet på fiskarar

Sum kg ål

Østfold

      1 500

6

       9 000

Oslo/Buskerud/Akershus

      1 500

1

       1 500

Vestfold

      1 500

4

       6 000

Telemark

      1 500

2

       3 000

Aust-Agder

      1 500

5

       7 500

Vest-Agder

      1 500

5

       7 500

Rogaland

      1 000

11

     11 000

Hordaland/Sogn og Fjordane

      1 000

8

       8 000

 

 

 42

     53 500

Fangstperioden vil vere frå 1. mai til 30. november 2010. For å kunne ta del i overvakingsfisket må det sendast søknad på fastsett skjema til Fiskeridirektoratet, region Sør innan 1. februar 2010. Prioritering av deltakarar vil mellom anna skje på bakgrunn av historisk registrerte fangstar i perioden 2006-2008.
Utarbeidinga av opplegg og kriterium for deltaking har gått føre seg i nært samarbeid med representantar frå fleire delar av næringa. Målet med eit overvakingsfiske er at ein så langt det er mogleg innafor ei berekraftig ressursforvaltning skal halde i hevd ein haustingstradisjon, samstundes som næringa sjølv gjennom dette vil ta del i bestandsovervakinga. Saman med tildelte lisensar vil det følgje ei utvida plikt til rapportering til Havforskingsinstituttet, og data frå fisket vil bli brukt som kjelde til bestandskartlegging.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47