Historisk arkiv

Regulering av fisket etter augepål i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2010. I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det opna for eit direkte fiske etter augepål i 2010.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2010. I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det opna for eit direkte fiske etter augepål i 2010.

Augepålbestanden er i god forfatning og etter råd frå Det internasjonale råd for havforsking ICES er det opna for eit direkte fiske frå 1. mai til og med 31. oktober 2010. Den norske kvoten er på 81 000 tonn.

Frå 1. januar vert det innført krav om sorteringsrist i fisket etter augepål. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette kravet for fartøy som ikkje har høve til å nytte rist og kan dokumentere at konsumfisk vert tatt vare på.

Kontaktperson:

Johán H. Williams 22 24 64 40
Sverre Johansen    22 24 64 47