Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Tore Nepstad tilsett som direktør for Havforskingsinstituttet for seks nye år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Administrerande direktør Tore Nepstad er i statsråd i dag, fredag 7. august 2009, tilsett på åremål som administrerande direktør for Havforskingsinstituttet for ein ny periode på seks år frå januar 2010.

Administrerande direktør Tore Nepstad er i statsråd i dag, fredag 7. august 2009, tilsett på åremål som administrerande direktør for Havforskingsinstituttet for ein ny periode på seks år frå januar 2010.

Nepstad er utdanna ved Sjøkrigsskulen og har i tillegg vidareutdanning. Nepstad har lang og variert bakgrunn som leiar av tyngre kompetansemiljø. Han er i dag administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet.

Havforskingsinstituttet er rådgivar for Fiskeri- og kystdepartementet og har sentrale oppgåver i å undersøkje og overvake fiskebestandar og sjøpattedyr, hav- og kystmiljø og i arbeid med havbruk og havbeite. Hovudansvaret er å forske for å kunne gi råd til det offentlege om havbruk og om økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Havforskingsinstituttet har hovudkontor i Bergen, men viktige delar av aktivitetane føregår i avdelinga i Tromsø, på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen og på forskingsfartøya.

Til toppen