Historisk arkiv

Regulering av fisket etter augepål i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2011. I tråd med den vitskaplege tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vert det førebels ikkje opna for eit direkte fiske etter augepål i 2011.

Augepålbestanden hadde svært låg rekruttering i 2010 og ICES tilrår derfor ikkje fiske. Det kjem eit oppdatert råd i første halvår 2011, og ei eventuell opning for eit augepålfiske vil verte vurdert på grunnlag av dette.

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47