Historisk arkiv

Styrka beredskap mot akutt forureining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- For å styrkje beredskapen mot akutt forureining foreslår regjeringa å auke løyvinga til slepebåtberedskap med 30 millionar kroner og midlane til beredskap mot akutt forureining med 25 millionar kroner i budsjettet for 2011. Vidare foreslår vi å løyve 30 millionar kroner til handtering av skipsvrak i 2011, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

- For å styrkje beredskapen mot akutt forureining foreslår regjeringa å auke løyvinga til slepebåtberedskap med 30 millionar kroner og midlane til beredskap mot akutt forureining med 25 millionar kroner i budsjettet for 2011. Vidare foreslår vi å løyve 30 millionar kroner til handtering av skipsvrak i 2011, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Oljevern
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til beredskap mot akutt forureining med 25 millionar kroner i 2011. Basert på erfaringar frå aksjonar dei siste åra foreslår regjeringa at desse midlane mellom anna blir brukt til å auke kompetansen hos Kystverket og hos interkommunale utval mot akutt forureining som blir sette inn ved aksjonar. Regjeringa foreslår også midlar til ein rammeavtale for fiskefartøy og andre eigna fartøy knytt til dei statlege oljeverndepota langs kysten.

Slepebåtberedskap
Regjeringa vil gjennomføre ei ny, samla vurdering av den nasjonale slepebåtberedskapen, inkludert ekstern kvalitetssikring i tråd med retningslinjene for store innkjøp. Medan ein ventar på denne utgreiinga foreslår regjeringa at den etablerte slepebåtberedskapen i Nord-Noreg og på Sørlandet blir vidareført. Regjeringa foreslår vidare at slepebåtberedskapen på Vestlandet blir styrkt gjennom ein frammøtekontrakt som gjer at sleperessursane i regionen blir meir tilgjengelege. Etter forslaget får den statlege slepebåtberedskapen ei løyving på 257 millionar kroner i 2011. Dette er ein auke på 30 millionar kroner samanlikna med utgiftene i 2010.

Skipsvrak
Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner til å følgje opp Kystverket sin vrakrapport frå 2006. I denne rapporten har Kystverket vurdert faren for oljeforureining frå vrak som ligg langs kysten. I tråd med denne rapporten vart vraket av ”Nordvard” ved Moss tømt i 2007/2008 og vraket av ”Welheim” utanfor Florø vart tømt i 2008. Kystverket leverte i januar 2010 ein rapport om andre miljøgifter i skipsvrak enn olje. Rapporten konkluderer med at oljeforureining frå vrak utgjer ein større miljørisiko enn forureining frå andre stoff. I 2011 vil derfor tømming av vrak for olje bli prioritert.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen, 22 24 64 10, mob 480 64 549
               Pressevakttelefon, 22 24 66 99