Historisk arkiv

Regulering av fiske etter pigghå, brugde og håbrann

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot direktefiske etter pigghå, brugde og håbrann i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot direktefiske etter pigghå, brugde og håbrann i 2012. Situasjonen for desse tre bestandane har ikkje vist nokon klare teikn til betring, og Det internasjonale råd for havforsking (ICES) tilrår å halde all fangst på eit så lågt nivå som mogleg.

Forbodet mot direktefiske etter pigghå, brugde og håbrann gjeld for alle fartøy og for fritidsfiskarar. Bifangstgrensa for pigghå er 20 prosent  for konvensjonelle fartøy, avrekna for kvar heile kalenderveke. Når det gjeld bifangstreglane i fisket med andre reiskapar vil departementet gjere ei heilskapleg vurdering av desse tidleg i 2012. Fiskeri- og kystdepartementet vil i samråd med Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet tidleg i 2012 vurdere ytterlegare tiltak for å sikre innsamling av fangstdata som kan nyttast i arbeidet med å vurdere utviklinga i bestandane.
 
Det gjeld ikkje ilandføringsplikt for brugde og håbrann, og verdien av landa fangst skal dragast inn av salslaga. Alle fangstar skal rapporterast.

Kontakt, rådgivar Vegard Haukeland, 22246399