Historisk arkiv

Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2012

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2012

Kyststatane EU, Island, Færøyane og Noreg har ikkje vorte einige om ein kyststatsavtale for 2012, og forhandlingane held fram over nyttår. I mangel av ein avtale har EU og Noreg vorte einige om ei foreløpig ordning for å kunne starte fisket i 2012. Ordninga inneber at Noreg får ein foreløpig kvote på 100 000 tonn. Kvoten kan verte justert etter at endeleg avtale er inngått.

Av den norske totalkvoten vert det sett av 3850 tonn til forskings- og undervisningsføremål og 1300 tonn til agn før fordeling på dei ulike gruppene.

Reguleringsopplegget i ringnot- og trålgruppa vert ført vidare i 2012. Den foreløpige gruppekvoten vert 65 056 tonn for ringnotfartøy, med 59 656 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 5400 tonn til ringnotfartøy utan konsesjon (SUK). For trålfartøy vert den foreløpige gruppekvoten 3794 tonn. For kystfartøygruppa vert den foreløpige kvoten 26 000 tonn, inkludert avsetjing til open gruppe og ikkje-mantalsførte fiskarar som fiskar med landnot.

For kystfartøygruppa vert det innført kvotefleksibilitet på fartøynivå for fartøy i kystnotgruppa på eller over 13 meter største lengd. Dette inneber at desse fartøya kan overfiske kvoten i 2012 med inntil 10 %, og at eit eventuelt overfiske av kvoten for 2012 vert trekt frå kvoten for 2013. Gruppa får også høve til å overføre ufiska kvantum i 2012 til 2013, dersom det er registrert fangst på deltakaradgangen i 2012.

Kystnotfartøy med største lengd under 13 meter og fartøy i garn- og snøregruppa får avgrensa kvotefleksibilitet på fartøynivå. Dette inneber at fartøya kan overfiske den garanterte kvoten i 2012 med inntil 10 %. Fartøya får ikkje dra med seg ufiska kvantum i 2012 til 2013.

Når det gjeld garn- og snørefartøy som seinast 25. februar 2011 var registrert i Fiskeridirektoratet sitt fartøyregister med heimelslengd under 13 meter og største lengd på eller over 15 meter, kan desse fiske den garanterte garn- og snørekvoten med notreiskap. Den overregulerte kvotedelen må fiskast med garn- eller snørereiskap.

Garn- og snørefartøy på eller over 13 meters heimelslengd kan også fiske den garanterte garn- og snørekvoten med not dersom det er inngått bindande avtale om kjøp av fartøy i perioden 20. desember 2010 - 25. februar 2011.

Kontakt, rådgjevar Ingrid Vikanes, 22 24 63 68