Historisk arkiv

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter
norsk vårgytande sild i 2012. Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild
minkar frå 602 680 tonn i 2011 til 508 130 tonn i 2012.

Det er avsett eit kvantum på 3000 tonn sild til forskings- og undervisningskvotar og 750 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten. Når det gjeld overføring av 10 000 tonn sild til Russland vert dette gjennomført på gruppenivå, utelukkande for ringnot- og trålgruppa. Dei same gruppene får tilbake 30 000 tonn lodde. Kvotebytet vil såleis ikkje gjelde kystgruppa.

Det er sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe.

Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystgruppa får ein maksimalkvote med eit
garantert kvantum i 2012. Den norske kvoten er fordelt med 240 276 tonn til
ringnotgruppa, 46 924 tonn til trålgruppa og 206 102 tonn til kystgruppa.

Delinga i kystgruppa i to lengdegrupper; fartøy med heimelslengd under 15 meter, og fartøy med heimelslengd på 15 meter og over blir vidareført i 2012. Fiskeridirektoratet vil i samråd med næringa evaluere gruppeinndelinga i løpet av neste år.

Kvotefleksibilitet for gruppa over 15 meter vert utvida til både over – og underfiske med 10 %, medan kvotefleksibiliteten for fartøy under 15 meter vert utvida til å overfiske garantert kvote med 10 %.

Samfiskelag der begge fartøy har heimelslengd på eller over 15 meter skal ikkje lenger ha høve til å drive samfiske for låssetjing. Elles vert samfiskeordninga vidareført frå 2011.

Når det gjeld spørsmålet om samføring av fangst i dei pelagiske fiskeria vil departementet sjå nærare på ulike problemstillingar knytt til dette i løpet av 2012.

Kontakt, avdelingsdirektør Sverre Johansen