Historisk arkiv

Regulering av fisket etter torsk og hyse nord for 62°N i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2012. Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 337 357 tonn torsk og 156 153 tonn hyse i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2012. Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 337 357 tonn torsk og 156 153 tonn hyse i 2012.

Allereie frå starten av året er 14 500 tonn torsk og 5200 tonn hyse av unytta tredjelandskvote gitt som ein direkte kvoteauke til norske fiskarar. 10 000 tonn torsk er fordelt direkte til fartøya etter fastsett fordelingsnøkkel, medan 4500 tonn torsk er fordelt etter same nøkkel til bifangst og ulike bonusordningar. Tilbakeføringa kan bli større i løpet av året dersom vidare avtalar om kvotebyte ikkje fører fram.

Avsetningar til bifangst og ulike bonusordningar

Det er sett av 12 000 tonn torsk frå gruppekvotane til kystfiskeflåten under 21 meter heimelslengd og i open gruppe til bifangst for å sikre at det blir fiska meir hyse og sei. For å skape ytterlegare aktivitet til hausten er det sett av totalt 4500 tonn torsk til bifangst for kystflåten og ulike bonusordningar for trålarar, konvensjonelle havfiskefartøy og kystfartøy over 21 meter.

Bifangstordning

Bifangstordninga blir vidareført i 2012 med ei avsetning på 12 000 tonn gjeldande for fartøy med heimelslengd under 21 meter som leverer fangsten fersk, og for open gruppe. I tillegg blir det tilført eit kvantum på 2201 tonn frå ufordelt tredjelandskvantum til ordninga, totalt 14 201 tonn torsk.

Ordninga trer i kraft frå 23. april med inntil 10 prosent bifangst av torsk. Bifangstprosenten blir justert opp frå 2. juli med inntil 30 prosent bifangst av torsk. Dersom utviklinga i fisket tilseier det kan prosentane vurderast nærare i løpet av 2012.

Bonusordningar for store kystfartøy, konvensjonelle havfiskefartøy og trålarar
For å sikre landingar av fersk fisk til landindustrien til hausten vil det for 2012 bli etablert bonusordningar for konvensjonelle fartøy over 21 meter, konvensjonelle havfiskefartøy og for trålarar. Utover avsetninga på 12 000 tonn til bifangst som er tatt frå gruppekvotane i kystflåten er det sett av 4500 tonn ekstra torsk frå unytta tredjelandskvote til bifangst og bonus.

Ordning

Gruppe

Avsetning

Bifangstordning

Open gruppe

287

Bifangstordning

Kyst < 21 m

1 914

Bonusordning

Kyst > 21 m

428

Bonusordning

Konv. hav

386

Bonusordning

Trål

1 485

Totalt

 

4 500


Fiskeri- og kystdepartementet vil komme nærare tilbake til innretninga for dei ulike bonusordningane.

Auke i torskekvotane og fritt fiske på hyse for kystflåten

Torskekvotane i lukka gruppe er gitt som garanterte fartøykvotar. Trass i stor auke i avsetninga til bifangst er fartøykvotane auka frå starten av året samanlikna med 2011. For kystflåten blir det også neste år fritt fiske på hyse med garanterte kvotar.

Avsetning til rekreasjonsfiske blir vidareført

Avsetning til rekreasjonsfiske blir vidareført på nivå med fjoråret. I tillegg er det sett av 300 tonn hyse til dette formålet frå 2012. Denne avsetninga skal dekkje fangsten i rekreasjonsfisket, eller såkalla turist- og fritidsfiske, medrekna fangsten i ungdomsfiskeordninga og fangst frå fritidsfiskarar som blir omsett gjennom salslaga. Departementet har også sett av 3000 tonn torsk til oppfølging av Kystfiskeutvalet for Finnmark. Til saman er det sett av 10 000 tonn torsk til desse formåla.

Opa gruppe

Opa gruppe skal framleis vere eit reelt alternativ for fiskarar som ikkje har løyve til å delta i lukka gruppe, og fiskeri- og kystministeren er særleg oppteken av at ungdom skal kunne etablere seg med eige fartøy i denne gruppa.

Samfiske

Samfiskeordninga blir vidareført i lukka gruppe for fartøy under 11 meter på same vilkår som i 2011.

Kysttorskevern

Gjeldande reguleringar for kysttorsk blir førebels ført vidare, og departementet vil tidleg i 2012 vurdere desse på nytt i lys av resultata frå det årlege kysttoktet som nyleg vart gjennomført.

Påskestopp

På bakgrunn av ønskje frå næringa blir det ikkje påskestopp i 2012.

Torsk

Den norske torskekvoten er fordelt med 225 828 tonn (67 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar (garn, line, snurrevad og snøre), og 111 229 tonn (33 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 28 929 tonn, og er regulerte med fartøykvotar. Fartøy i lukka gruppe kan fiske 175 438 tonn, og fartøy i opa gruppe kan fiske 21 462 tonn i 2011.

Fartøy i lukka gruppe er regulerte med fartøykvotar. Fartøykvotane er frå 25,3 tonn til 214,4 tonn avhengig av heimelslengd og fartøyet si faktiske lengd.

Fartøy med heimelslengd under 11 meter har ein gruppekvote på 47 930 tonn torsk. Av dette kvantumet er det avsett 3537 tonn til bifangst. I tillegg blir gruppa tilført 649 tonn ekstra til bifangst frå unytta tredjelandskvantum. Gruppa er gitt ei overregulering på 35 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er større enn 11 meter får dei halv overregulering, 17,5 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 11 og 15 meter har ein gruppekvote på 46 182 tonn torsk. Av dette kvantum er det avsett 3408 tonn til bifangst. I tillegg blir gruppa tilført 625 tonn ekstra til bifangst frå unytta tredjelandskvantum. Gruppa er gitt ei overregulering på 5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 15 og 21 meter har ein gruppekvote på 47 324 tonn torsk. Av dette kvantum er det avsett 3492 tonn til bifangst. I tillegg blir gruppa tilført 640 tonn ekstra til bifangst frå unytta tredjelandskvantum. Gruppa er gitt ei overregulering på 5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 21 og 28 meter har ein gruppekvote på 31 659 tonn torsk. Det er ikkje avsett noko kvantum til bifangst og heile gruppekvoten er gitt som fartøykvotar. I tillegg til gruppekvoten blir det avsett 428 tonn til ei bonusordning til hausten. Gruppa er gitt ei overregulering på 1 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 2 prosent.

Fartøy i opa gruppe har ein gruppekvote på 21 176 tonn torsk. Av dette kvantum er det avsett 1563 tonn til bifangst. I tillegg blir gruppa tilført 287 tonn ekstra til bifangst frå unytta tredjelandskvantum. Maksimalkvotane i opa gruppe er frå 18 til 28 tonn, avhengig av fartøylengd. Det blir gitt garantert kvantum frå 14 til 22 tonn. Det vert gitt tilleggskvotar på 6 tonn til alle fartøy i open gruppe i verkeområdet til Sametinget si søkjarbaserte tilskotsordning.

All bifangst av torsk i fisket etter andre artar må avreknast innanfor fartøykvoten, innanfor bifangstordninga eller innanfor bonusordninga.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 1240 tonn torsk i 2012.
I 2011 var kvoten 1137 tonn frå starten av året, men vart seinare auka til 1201 tonn.

I tillegg blir det sett av 1485 tonn til ei ordning med kvotebonus. 

Hyse

Den norske hysekvoten blir fordelt med 96 815 tonn (62 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og 59 338 tonn (38 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 17 427 tonn, og er regulerte med maksimalkvotar. Her er kvoteeininga sett til 273 tonn, av dette er 195 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 40 prosent. Desse fartøya må dekkje eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten.

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe får fritt fiske etter hyse innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar i botn mellom 9 og 64 tonn, avhengig av heimelslengd. Fartøy i opa gruppe kan fiske 7745 tonn i 2012 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten med eit garantert kvantum på 6 tonn.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 får ein maksimalkvote av hyse på 800 tonn, av det er 666 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 20 prosent.

Kontaktperson:
seniorrådgjevar Geir Martin Lerbukt, 22 24 61 93