Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i Norskehavet i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2012.

 

Reguleringane av fisket etter uer i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) sitt statistikkområde I og II vert fastsette i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC). Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 7500 tonn i perioden frå og med 15. august til og med 30. november 2012. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2012.


 

Kontaktperson avdelingsdirektør Sverre Johansen 22 24 64 47