Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2012. Norske fartøy kan i 2012 fiske 40 666 tonn sei, noko som er ein nedgang på 7930 tonn frå 2011.

Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 5200 tonn. Av gruppekvoten til pelagisk trål og nordsjøtrål er det sett av 1000 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 15 999 tonn, medan seitrålarane kan fiske 4164 tonn sei i 2012.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1400 tonn av gruppekvoten.

Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 840 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 600 tonn. Seitrålarane har ein maksimalkvote på 600 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1,0.

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn.

Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 325 tonn sei i eit av åra 2006, 2007 og 2008 får kvotefaktor 1 og kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn. Andre fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får kvotefaktor 0,5 og kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn.

Maksimalkvotane skal også dekkje bifangst av sei i fartøya sitt pelagiske trålfiske.

 

Kontakt, Geir Martin Lerbukt 22 24 61 93