Historisk arkiv

Noreg og Chile treng meir kunnskap om havbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Noreg og Chile har store moglegheiter for å vidareutvikle havbruksnæringane sine. Vekst er likevel helt avhengig av solid kunnskap, gode forskingsmiljø, nytenking og berekraftige løysingar, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho i dag innleidde på ein forskingskonferanse der dei to sjømatnasjonane diskuterte utvikling innan havbruk.

Konferansen blei arrangert i oppdrettshovudstaden Puerto Montt i Chile av Nofima, SINTEF og Veso. Representantar frå begge styresmaktene, forskingsmiljøa og næringa deltok.

- Vi står framfor fleire utfordringar innan havbruk, som produksjonstap, lakselus, rømming og forbetra bruk av områda i kystsona. Dette er kompetanse som næringa må byggje opp dei neste 10 til 20 åra, sa fiskeri- og kystministeren.

- Havbruk, i likskap med annan matproduksjon, set fotavtrykk i miljøet. For å lukkast er det nødvendig med eit breitt internasjonalt samarbeid. Noreg ønskjer å ta lærdom av andre sine erfaringar og kunnskap, og samtidig håper vi at erfaringane våre kan hjelpe andre havbruksnasjonar til å utvikle næringa si, sa Berg-Hansen.