Historisk arkiv

Regulering av fiske etter reker i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2013. Den norske totalkvoten av reker er sett til 3 513 tonn, med 1 533 tonn i Nordsjøen og 1 980 tonn i Skagerrak.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2013. Den norske totalkvoten av reker er sett til 3 513 tonn, med 1 533 tonn i Nordsjøen og 1 980 tonn i Skagerrak.

Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Forskrifta kan verte justert når ein kvoteavtale med EU foreligg.

Reguleringane for inneverande år vert vidareførte i 2013. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 prosent av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 24 tonn i første periode og 18 tonn i kvar av dei to neste periodane.

Fartøy under 20 meter største lengd kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska.

Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2012.