Historisk arkiv

Regulering av fisket etter augnepål i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augnepål i 2013. I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det opna for eit direkte fiske etter augnepål i 2013.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augnepål i 2013. I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det opna for eit direkte fiske etter augnepål i 2013.

Augnepålbestanden hadde svært sterk rekruttering i 2012 og etter råd frå ICES er det opna for eit direkte fiske frå 1. mars til og med 30. september 2013. Den norske kvoten er førebels på 100 000 tonn.

Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Forskrifta kan verte justert når ein avtale med EU er klar.

Hele forskriften finnes på www.regjeringen.no/fkd