Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2013. Kvoten for 2013 er auka med nær 6 prosent.

Partane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i haust samde om ein totalkvote for blåkveite på 19 000 tonn i 2013, der Noreg får ein kvote på 9675 tonn. Av det norske kvantumet vert 465 tonn sett av til forsking.

Ordninga med at kystflåten sitt direktefiske etter blåkveite vert gjennomført i to periodar om sommaren vert vidareført i 2013. Dette for å ta omsyn til varierande fisketilgang langs kysten. Første periode startar 27. mai og andre periode startar 29. juli. Maksimalkvotane vert som for 2012 sett til 12,5, 15,0 og 17,5 tonn – avhengig av lengda på fartøyet. Fisket vil verte stoppa når ein reknar periodekvotane på høvesvis 3100 tonn og 1600 tonn for å vere oppfiska. Periodekvotane er samla sett auka med 300 tonn sidan 2012, noko som kan medverke til at direktefisket får pågå i lengre periodar.

Konvensjonelle kystfartøy over 28 meter største lengd kan ikkje ha meir enn 17,5 tonn blåkveite som bifangst. Elles vert reglane om bifangst av blåkveite vidareført, mellom anna at all bifangst av blåkveite som vert fiska av kystfartøy under 28 meter utanom direktefisket skal gå til frådrag i det enkelte fartøyet sin maksimalkvote.

For havgåande konvensjonelle fartøy og trålarar vert kvotane auka frå 50 til 53 tonn i 2013. Desse kvotane skal også dekke eventuell bifangst.

For å hindre omsetjing av blåkveite med for høge verdiar av framandstoff, er to område i Nordland stengde for fiske også i 2013. Desse områda vil verte vurdert på nytt dersom det kjem ny informasjon basert på prøvetaking.

 

Forskrifta kan lesast på www.regjeringen.no/fkd