Forsiden

Historisk arkiv

Regulering av fisket etter torsk og hyse nord for 62°N i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2013. - Hovudbildet er at vi har store moglegheiter. Med den største torskekvoten gjennom tidene er det viktig at næringa legg enda større vekt på kvalitet, utjamning av sesongen og marknadsarbeid i året som kjem, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2013. - Hovudbildet er at vi har store moglegheiter. Med den største torskekvoten gjennom tidene er det viktig at næringa legg enda større vekt på kvalitet, utjamning av sesongen og marknadsarbeid i året som kjem, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

- Fiskarane har tradisjon for å ta opp veldig mykje torsk i løpet av nokre få hektiske veker midt på vinteren. Det viktigaste i reguleringa i år er derfor at vi tar utfordringane i fiskeindustrien på alvor, og gjennomfører fleire tiltak som jamnar ut sesongvariasjonane i torskefisket, seier fiskeri- og kystminister Berg-Hansen.

- Den økonomiske situasjonen i sentrale sjømatmarknader som Portugal, Spania og Italia er framleis krevjande. For å vere best mogleg førebudd vidarefører regjeringa garantiordninga for førstehandsomsetninga av fisk mellom Innovasjon Noreg og Norges Råfisklag ut 2013. Formålet er å legge eit betre grunnlag for å unngå at mottaket av fisk stoppar opp slik at fiskarane kan få levert fangsten sin i vintersesongen, seier fiskeri- og kystministeren.

Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 461 740 tonn torsk og 95 854 tonn hyse i 2013.

Allereie frå starten av året er 15 000 tonn torsk av unytta tredjelandskvote gitt som ein direkte kvoteauke til norske fiskarar. Tilbakeføringa kan bli større i løpet av året dersom vidare avtalar om kvotebyte ikkje fører fram.

 

Om reguleringane:


Avsetningar til ferskfisk- og ulike bonusordningar

Det er sett av 21 500 tonn torsk frå gruppekvotane til kystfiskeflåten og i open gruppe til ferskfiskordning for å sikre at det blir landa meir fersk fisk om hausten. For å skape ytterlegare aktivitet til hausten er det sett av 3500 tonn torsk til bonusordningar for trålarar og konvensjonelle havfiskefartøy.

Ordning

Gruppe

Avsetning

Ferskfiskordning

lukka gruppe

19 157

Ferskfiskordning

open gruppe

2 344

Bonusordning

konv. hav

750

Bonusordning

trål

2 750

Totalt

 

25 000

Ferskfiskordning

Bifangstordninga på torsk for konvensjonelle kystfiskefartøy er erstatta med ei ny og meir fleksibel ordning kalt ferskfiskordninga i kystflåten. Fangstar som er omfatta av ordninga inneber eit kvotetillegg. Det kan vere i reine torskefangstar bokført delvis på egen kvote og delvis på ferskfiskordninga. Ferskfiskordninga gjeld for alle kystfartøy i lukka og open gruppe som leverer fangsten fersk.

Fartøy som leverer all fangst fersk kan frå 8. april i tillegg til kvoten fiske og lande inntil 20 prosent torsk på vekebasis. Frå og med 1. juli 2012 blir dette auka til 30 prosent. Dersom utviklinga i fisket tilseier det, kan prosentane vurderast nærare i løpet av 2013.

Levandefangst

Frå 1. januar vil bonuselementet ved levandelagring bli auka frå 20 til 50 prosent. Fiskeri- og kystdepartementet vil komme nærare tilbake til bonus ved levering direkte til mottak/slakteri/brønnbåt.

Auke i torskekvotane og fritt fiske på hyse for den minste kystflåten

Torskekvotane i lukka gruppe er gitt som garanterte fartøykvotar. For kystflåten under 11 meter blir det også neste år fritt fiske på hyse med garanterte kvotar. Øvrige grupper får maksimalkvotar.

Avsetning til rekreasjonsfiske blir vidareført

Avsetning til rekreasjonsfiske blir vidareført på nivå med fjoråret. I tillegg er det sett av 300 tonn hyse til dette formålet frå 2013. Denne avsetninga skal dekkje fangsten i rekreasjonsfisket, eller såkalla turist- og fritidsfiske, medrekna fangsten i ungdomsfiskeordninga og fangst frå fritidsfiskarar som blir omsett gjennom salslaga. Departementet har også sett av 3000 tonn torsk til oppfølging av Kystfiskeutvalet for Finnmark. Til saman er det sett av 10 000 tonn torsk til desse formåla.

Open gruppe

Open gruppe skal vere eit alternativ for fiskarar som ikkje har løyve til å delta i lukka gruppe. Dei garanterte kvotane blir auka litt, men maksimalkvotane står uendra grunna stort overfiske i 2012. Departementet vil følgje fisket tett og auke kvotane utover året dersom det blir grunn til det.

Samfiske

Samfiskeordninga blir vidareført i lukka gruppe for fartøy under 11 meter på same vilkår som i 2012.

Påskestopp

På bakgrunn av ønskje frå næringa blir det ikkje påskestopp i 2013.

Torsk

Den norske torskekvoten er fordelt med 297 306 tonn (67 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar (garn, line, snurrevad og snøre), og 146 434 tonn (33 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 38 058 tonn, og er regulerte med fartøykvotar. Fartøy i lukka gruppe kan fiske 230 966 tonn, og fartøy i opa gruppe kan fiske 28 255 tonn i 2013.

Fartøy i lukka gruppe er regulerte med fartøykvotar frå 34,0 tonn til 262,9 tonn avhengig av heimelslengd og fartøyet si faktiske lengd.

Fartøy med heimelslengd under 11 meter har ein gruppekvote på 59 133 tonn torsk. I tillegg kjem 5348 tonn som er avsett til ferskfiskordning. Gruppa er gitt ei overregulering på 40 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er større enn 11 meter får dei halv overregulering, 20 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 11 og 15 meter har ein gruppekvote på 56 543 tonn torsk. I tillegg kjem 5114 tonn som er avsett til ferskfiskordning. Gruppa er gitt ei overregulering på 5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 15 og 21 meter har ein gruppekvote på 57 599 tonn torsk. I tillegg kjem 5209 tonn som er avsett til ferskfiskordning. Gruppa er gitt ei overregulering på 5 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 prosent.

Fartøy med heimelslengd mellom 21 og er under 500m3 har ein gruppekvote på 38 535 tonn torsk. I tillegg kjem 3485 tonn som er avsett til ferskfiskordning. Gruppa er gitt ei overregulering på 1 prosent. Dersom fartøyet si faktiske lengd er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 2 prosent.

Fartøy i open gruppe har ein gruppekvote på 25 912 tonn torsk. I tillegg kjem 2344 tonn som er avsett til ferskfiskordning. Maksimalkvotane i open gruppe er frå 18 til 28 tonn, avhengig av fartøylengd. Det blir gitt garantert kvantum frå 15 til 24 tonn. Det blir gitt tilleggskvotar på 12 tonn til alle fartøy i open gruppe i verkeområdet til Sametinget si søkjarbaserte tilskotsordning.

All bifangst av torsk i fisket etter andre artar må avreknast innanfor fartøykvoten, innanfor ferskfiskordninga eller innanfor bonusordninga.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 1626 tonn torsk i 2013.
I tillegg blir det sett av 2750 tonn til ei ordning med kvotebonus. 

Hyse

Den norske hysekvoten blir fordelt med 59 429 tonn (62 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og 36 425 tonn (38 prosent) til trålarane.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 10 697 tonn, og er regulerte med maksimalkvotar. Her er kvoteeininga sett til 150 tonn, av dette er 120 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 25 prosent. Desse fartøya må dekkje eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten.

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe gis garanterte kvotar i botn mellom 6 og 39 tonn, avhengig av heimelslengd. Fartøy under 11 meter får fritt fiske etter hyse innanfor gruppekvoten. Fartøygruppene 11-15, 15-21 og over 21 meter gis maksimalkvoter på høvesvis 100, 150 og 200 tonn hyse.

Fartøy i open gruppe kan fiske 4754 tonn i 2013 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten med eit garantert kvantum på 5 tonn.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 får ein maksimalkvote av hyse på 446 tonn, av det er 406 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 10 prosent.