Historisk arkiv

Regulering av pigghå, brugde, håbrann og silkehai i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forbod mot direktefiske etter pigghå, brugde, håbrann og silkehai i 2013.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forbod mot direktefiske etter pigghå, brugde, håbrann og silkehai i 2013.

Forbodet mot direktefiske gjeld for alle fartøy og for fritidsfiskarar. Når det gjeld bifangst av pigghå vert det innført to avrekningsperiodar for innblanding av pigghå i fisket etter andre artar for fartøy som fiskar med garn og line. Dette gjeld likevel ikkje fartøy som fiskar med garn og line etter torsk og hyse nord for 62˚ N samt pelagisk fisk. Første avrekningsperiode er 1. januar – 30. juni, og andre avrekningsperiode 1. juli – 31. desember 2013.  I kvar av desse periodane kan fangst av pigghå utgjere inntil 15 % av samla fangst i heile perioden. Målet er at ordninga med to avrekningsperiodar skal sikre oss eit betre kunnskapsgrunnlag og legge til rette for gjennomføring av andre fiskeri. Den vil verte evaluert i 2013.

Departementet har for tida på høyring eit forslag om forbod mot finning av brugde og håbrann samt eit forslag om at det ikkje skal verte gitt vederlag for omkostningar ved ilandføring av brugde eller håbrann. Høyringsfrist er sett til 15. februar 2013.