Historisk arkiv

45 nye lakseløyve skal lysast ut 1. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet fastset nå forskrift om tildeling av 45 nye lakseløyve. Det er gjort få endringar i forslaget som var ute til høyring, og Fiskeridirektoratet vil lyse ut løyva 1. juli. Søknadsfrist blir 1. oktober.

Fiskeri- og kystdepartementet fastset nå forskrift om tildeling av 45 nye lakseløyve. Det er gjort få endringar i forslaget som var ute til høyring, og Fiskeridirektoratet vil lyse ut løyva 1. juli. Søknadsfrist blir 1. oktober.

- Med grøne konsesjonar ønskjer vi å stimulere til at meir miljøretta teknologi blir tatt i kommersiell bruk. Miljøutfordringane til oppdrettsnæringa gjeld i hovudsak lakselus og rømming. Samstundes ser at vi ny teknologi er på trappene som kan bidra til å redusere desse problema. Løyva er ei gulrot for kommersialisering av ny teknologi, men det er også strenge miljøkrav knytt til dei, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Løyva i Troms og Finnmark og løyva som skal tildelast i ein lukka bodrunde, krev begge innløysing. Det vil seie at løyvet innehavaren alt har får nye vilkår, dei same vilkåra som blir stilt til det nye løyvet. Søkjaren må forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som samanlikna med dei som er i alminneleg kommersiell bruk i dag, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga

  • reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming eller
  • sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 holus per fisk i anlegget, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Det er ikkje tillate med meir enn 3 kjemiske behandlingar per produksjonssyklus.

For dei 10 løyva som ikkje krev innløysing, må søkjaren forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga

  • gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller
  • sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller eit utslepp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.

- Eg meiner desse kriteria vil bidra til å løfte det kommersielle lakseoppdrettet til eit nytt nivå når det gjeld lakselus og rømming, og eg har stor tru på at det vil vere mange gode søknader når fristen går ut, seier Berg-Hansen.

Ei faggruppe skal vurdere og tildele løyva i første instans. Fiskeri- og kystdepartementet er klageinstans. Gruppa består av fem personar, og Fiskeridirektoratet stiller med sekretariat. Samla sett vil gruppa vere godt kvalifisert til å vurdere søknadene ved at medlemmene har kompetanse innan lakselus, anleggsteknologi, genetikk og økologi og dessutan forvaltningsmessig/juridisk kompetanse.

Faggruppa er samansett slik:

-          Ove Midttun (leiar), Bergen (tidl. lagdommar og settefiskeridirektør)

-          Bjørn Barlaup, Bergen, (forskingsleiar, UNI Research)

-          Karin Kroon Boxaspen, Bergen, (forskingsdirektør, Havforskingsinstituttet)

-          Tale Marie Karlsson Drangsholt, Tromsø, (forskar, Nofima)

-          Odd-Ivar Lekang, Ås (førsteamanuensis, Universitetet for miljø- og biovitenskap)

- Eg vil nytte høve til å takke dei som har stilt opp til innsats i faggruppa og samstundes ønskje dei lykke til, seier fiskeri- og kystministeren.