Historisk arkiv

Foreslår meklingsordning for minstepris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet sender på høyring forskrifter til den nye fiskesalslagslova.

Fiskeri- og kystdepartementet sender på høyring forskrifter til den nye fiskesalslagslova.

Fiskesalslagslova erstattar dagens råfisklov frå og med 1. januar 2014. Fiskeri- og kystdepartementet sender på høyring to forskrifter, ei samleforskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar og ei forskrift om statens kontrollørar for fiskesalslaga. Høyringsfristen er seks veker, og departementet tek sikte på at forskriftene skal tre i kraft samtidig med lova.

Den største endringa er at det blir forskriftsfesta føresegner om mekling ved usemje om fastsetting av minsteprisar. Det følgjer av fiskesalslagslova at spørsmålet om minstepris skal leggjast fram for mekling dersom partane ikkje blir einige i forhandlingar. Departementet har valt å sende ut eit høyringsforslag med to alternativ. Det eine forslaget er å etablere to meklingsnemnder med tre medlemmer i kvar nemnd, ei for pelagisk sektor og ei for kvitfisksektoren. Det andre forslaget er å etablere éi nemnd med fem medlemmer der to av medlemmene alternerer avhengig av om det blir mekla i kvitfisksektoren eller i pelagisk sektor. Resten av forskrifta vil liggje tett opp til den tidlegare forskrifta til råfisklova.

Føresegner om statens kontrollørar for fiskesalslaga er lovfesta for første gong i den nye lova. Fiskeri- og kystdepartementet nemner opp ein kontrollør for kvart fiskesalslag. Ved å forskriftsfeste oppgåvene til kontrollørane ønskjer departementet å gjere det tydeleg at fiskesalslaga er underlade ekstern kontroll. Det er ein føresetnad for systemet at fiskesalslaga har tilstrekkeleg legitimitet og ligg under ei objektiv kontrollmyndigheit.

Forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (samleforskrifta) vil erstatte forskrift av 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar (råfiskforskrifta). Forskrifta for statens kontrollørar er ny, fordi desse føresegnene tidlegare var regulerte gjennom instruks. Forskriftene er i stor grad basert på gjeldande regelverk.