Historisk arkiv

Ny lov om fiskesalslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Salslaget får fortsatt siste ordet ved usemje om minstepris, men først etter at det har vore gjennomført mekling. Det går fram av regjeringas forslag til ny fiskesalslagslov.

Salslaget får fortsatt siste ordet ved usemje om minstepris, men først etter at det har vore gjennomført mekling. Det går fram av regjeringas forslag til ny fiskesalslagslov.

 - Regjeringa har med dette følgd fiskarsida i spørsmålet om korleis minsteprisen skal fastsetjast. Eg er trygg på at fiskarane vil forvalte det ansvaret vi gjev dei, på ein måte som tek vare på interessene til heile sjømatnæringa, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Salslaga får framleis fastsette korleis omsetninga skal gå føre seg, og forretningsvilkår.

Salslaga får med den nya lova utvida sine oppgåver til å gjelde kvalitet på råstoffet.

 -  Målet med dette er å få betra kvaliteten på norsk sjømat, og slik auke verdiskapings i sjømatnæringa, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Den nye fiskesalslagslova skal erstatte råfisklova frå 1951.

 - Lovutkastet vidarefører hovudtrekka i råfisklova, men inneber at vi får ei ny og moderne lov som fortel kva som er oppgåvene til salslaga i dag. Den vert også harmonisert med dei to andre sentrale lovene som regulerer fiskerinæringa; deltakarlova og havressurslova, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Samfunnsdimensjonen vert framheva ved at det i § 1 i lova står at lova skal medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar. Den nye fiskesalslagslova gjer det også tydeleg korleis førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar føregår og den viktige rolla som salslaga har i ressurskontrollen.