Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

NTP: Sikrar innseglinga til Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa har sett av til saman 96 millionar kroner til utbetring og sikring av innseglinga til hamna i Ålesund. Totalt set regjeringa av om lag 350 millionar kroner til farleier, fiskerihamner og tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg i Møre og Romsdal i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

Regjeringa har sett av til saman 96 millionar kroner til utbetring og sikring av innseglinga til hamna i Ålesund. Totalt set regjeringa av om lag 350 millionar kroner til farleier, fiskerihamner og tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg i Møre og Romsdal i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

-Ålesund hamn er ein viktig stoppestad på sjøvegen langs Vestlandet, og det er nødvendig å gjere innseglinga til denne hamna betre. Tiltaka vi kjem med vil auke trafikksikkerheita, og hamna vil få plass til meir trafikk og større skip, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Ålesund hamn har i dag allereie svært stor trafikk, med både konteinertrafikk og bulktransport.  

 

Farleitiltak Møre og Romsdal:
Første fireårsperiode:

Innsegling Ålesund
Kostnad 6 mill. kr
Tiltaket ligg i stamnettleia som fører inn til Ålesund hamn, Flatholmen. Ved å utdjupe ei grunne i innseglinga vil det bli betre og sikrare innsegling til hamneanlegget som er ein viktig bindelekk i farleia. For å auke regulariteten til området vil det å fjerne ei -9 meters grunne vere avgjerande. Hamna har svært stor trafikk, medrekna konteinertrafikk og bulktransport.

 

Perioden 2018-2023:

Indre Ålesund hamn
Kostnad 59 mill. kr
Hamna i Ålesund er ei stamnetthamn. Tiltaket vil medverke til å auke trafikksikkerheita i indre hamn i Ålesund. Framkomsten og manøvreringsarealet vil bli betydeleg betre. Etter utdjupinga vil regulariteten og kapasiteten til hamna auke vesentleg og tilgangen for større skip og fartøy vil bli kraftig forbetra.

Nordleg innsegling Ålesund
Kostnad 31 mill. kr
Målet med utdjupinga er å få leie trafikken som skal inn til godsterminalane i Breivika, inn Ellingsøyfjorden heilt til sundet mellom Lille Kalvøya og Kalvøyskjeret lykt. Utdjuping av dette sundet vil føre til at dette blir den føretrekte innseglinga, framfor at dei seglar inn ytre Svinøysundet. Planen er å utdjupe til -11,0 meter.

Hjertøysundet, Molde
Kostnad 36 mill. kr
Innseglinga til Molde gjennom Hjertøysundet er i dag for trang og grunn for dei største fartøya som går til/frå hamna i Molde. Dette gjeld både for det lokale ferjesambandet og for den etablerte hurtigbåtleia som går gjennom passasjen. Utdjuping av leia til -6 meter.

Vaulane, Herøy
Kostnad 26 mill. kr
Kystverket har tidlegare stått for utdjuping av seglingsleia gjennom Voldsund og Igesund-Vaulen.

Tiltaket inneber oppmudring/utdjuping av kanalane til -6 meter. Dessutan utskifting/fornying av eksisterande oppmerking etter dagens standard. Dette betrar forholda for fiskeflåten, nyttetrafikk og fritidsfartøy som nyttar området hyppig.

Ringholmen, Aure
Kostnad 15 mill. kr
Dette er ei viktig lei for hurtigbåtsamband, fiskeri- og havbruksnæringa i området og ikkje minst for turistnæringa. Det er ønskjeleg å utvikle ei sikrare lei for å forbetre og forenkle navigasjonen i området. Dette vil føre til sikrare og tryggare seglas både for mannskap og passasjerar. Tiltaket inneber utdjuping av ei grunne ved Ramsøybåen.

Djupflua, Giske
Kostnad 10 mill. kr
Tiltaksområdet ligg i innerste del av Breisundet, sør for Hogstein lykt i Giske kommune. Målet er å auke sikkerheita og framkomsten i området. Utbygginga vil ha god effekt, då avstanden mellom møtande fartøy kan aukast og risikoen for botnskadar og nærsituasjonar kan reduserast. Seglingsarealet vil bli utvida. Det blir gjennomført ei generell utdjuping til -15 meter.


I tillegg er det sett av midlar til mindre farlei- og merketiltak i korridor 4 i både første og siste periode.

 

Fiskerihamner Møre og Romsdal:

Første fireårsperiode:

Fosnavåg, Herøy kommune
Kostnad 50 mill. kr

Innseglinga til Fosnavåg indre hamn er svært trang med leiekant på begge sider av det ytre løpet. Utdjupinga av hamnebassenget må vere i samsvar med djupnene i innseglinga. Dette vil gi aktuelle fartøytyper høve til å nytte hamnebassenget og legge til hos bedriftene som held til i hamneområdet. Oppstøyping av leiemur vil sikre tryggare innsegling for alle fartøy som nyttar hamnebassenget, gi betre regularitet og hindre skadar på fartøy. Det er i tillegg planlagt ei miljømudring i hamna. Området må kartleggast og det må avklarast kvar ein skal plassere forurensade massar.

Gjerdsvika, Sande kommune
Kostnad 110 mill. kr

Målet med utdjupinga er å gjere hamna betre tilgjengeleg for større fiskefartøy. Dette vil også betre rammevilkåra for fiskerindustrien i hamna med enklare transport av råstoff. Det er planlagt utdjuping av innseglinga og eit større område innanfor moloane fram til nyetablert kai for fiskemottak/hermetikkfabrikk. Det er forslag om at innseglinga blir utdjupa til –7 meter og hamna til -6,0 meter.

Perioden 2018-2023:
Gjøsund, Giske kommune.
Kostnad 10 mill. kr
Formålet med utbyggingen er å gi fiskeindustrien i havnen bedre vilkår og være med å sikre næringsutviklingen. Utdyping av havnebasseng for å tilfredsstille krav til dybde for fartøyer med stadig økende dypgående.

 

Til toppen