Historisk arkiv

Forsking og utvikling i fiskeria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

-Regjeringa har store visjonar for norsk sjømatnæring. Vi ønskjer at Noreg skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i dag under LO-konferansen for tillitsvalde i fiskerinæringa. Her heldt ho eit innlegg om visjonane sine for forsking og utvikling i næringa.

Delar av den tradisjonelle verdikjeda i fiskerinæringa slit, og utfordringane har blitt forsterka av finanskrisa. Mens delar av næringa, som laksnæringa og pelagisk sektor, går bra.

- Skal vi vere den fremste sjømatnasjonen i verda, krev det at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterium, marknadsføring og omdømmebygging - og evnar å utvikle produkt ut frå dette, sa statsråden vidare. Les heile talen her.