Historisk arkiv

Vil ha strategi for verdsleiande havforsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Noreg er eit havland, og vi er gode på marin forsking. Men vi skal bli endå betre. Difor startar vi Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvaltning, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho i dag lanserte starten av arbeidet med strategien under Havdagen i Oslo.

- Havet vårt har et enormt potensiale, og spelar ei nøkkelrolle for alt fra framtidig tilgang til trygg og sunn mat, fornybar energi, helse og velferd og endringar i miljøet nasjonalt og internasjonalt. Samtidig er det uutforska mulegheiter i havet som kan bli særs viktige gjennom blant anna marin bioprospektering, sa Berg-Hansen.

Men havområda våre omfattar også unike område som er viktige å bevare, og blir utsette for press. Berekrafta til hav- og kystområda blir utfordra. Miljø- og klimaendringar og auka utnytting av hav- og kystområda forsterkar behovet for kunnskap.

- Havområdane våre er ei skattekiste. Forskning er nøkkelen til å få opp potensialet som ligg der. Strategien Hav21 skal teikne opp korleis Noreg bør innrette den samla marine forskingsinnsatsen for å fremme båe berekraft og framtidig verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i havet, sa fiskeri- og kystministeren.

Hav21 vil få ei ekstern styringsgruppe der representantar frå næring, forvaltning og kunnskapsmiljø skal delta. Styringsgruppa får i oppgåve å utarbeide ein rapport med tilrådingar til departementa. Gruppa vil bli leia av Liv Monica Stubholt.
 
Forskingsrådet skal vere sekretariat for arbeidet.