Historisk arkiv

-Vi står på terskelen til eit nytt haveventyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Med desse orda opna fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i dag fiskerimessa Nor-Fishing 2012 i Trondheim. Berg-Hansen sa at vi i åra framover vil kunne oppleve ein betydeleg vekst i verdiskapinga og i ringverknader frå dagens sjømatnæring.

Med desse orda opna fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i dag fiskerimessa Nor-Fishing 2012 i Trondheim. Berg-Hansen sa at vi i åra framover vil kunne oppleve ein betydeleg vekst i verdiskapinga og i ringverknader frå dagens sjømatnæring.

Dei lovande framtidsutsiktene kjem fram i den ferske rapporten Verdiskaping basert på produktive hav i 2050”. På grunn av eit stort behov for vekst i matproduksjonen, auka kjøpekraft og etterspørsel etter sunnare produkt, kan den norske sjømatnæringa i 2050 få ein omsetningsverdi på 550 mrd. kroner, i følgje rapporten. Det er ei seksdobling frå 2010.

- Vi er berre i startfasen av å hauste frå havområda våre, og Noreg står på terskelen til eit nytt haveventyr. Etterspørselen etter sjømat aukar, samtidig som ny forsking dannar grunnlaget for nye produkt og næringar, sa Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystministeren meiner at sjømatnæringa vil få stadig meir å seie for landet vårt.

- Dette er ei næring med eit evig perspektiv. Dersom vi forvaltar havet vårt berekraftig vil sjømatnæringa vere avgjerande for norsk økonomi i all framtid.

Rapporten er utarbeidd av ei arbeidsgruppe oppnemnd av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Norges Tekniske Vitenskapsakademi og vert presentert under SINTEF sitt hovudseminar i Trondheim torsdag 16. august.

Rapporten kan du laste ned her.

 

Fiskerimesse i verdsklasse

Fiskerimessa Nor-Fishing har vore arrangert i over 50 år. På messa i år samlast utstillarar frå fiskeflåten, verft, utstyrsleverandørar, servicetilbod, forvaltning, forsking og utdanningsinstitusjonar – totalt 480 utstillarar. Dei siste åra har messa samla 15 - 20.000 besøkande frå meir enn 50 nasjonar.

 

Se bilder på flickr.