Historisk arkiv

Nytt skritt på vegen til utkastforbod i Skagerrak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskerikomiteen i Europaparlamentet har no vedteke innstillinga si til utkastforbod i Skagerrak.

Fiskerikomiteen i Europaparlamentet har no vedteke innstillinga si til utkastforbod i Skagerrak. 

- Utkast av fisk er sløsing med fiskeressursane våre, og med denne innstillinga frå Fiskerikomiteen i Europaparlamentet er det teke eit nytt og viktig skritt på vegen til utkastforbod i Skagerrak, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeriministrane frå Noreg, Sverige og Danmark signerte i november 2011 ei felles erklæring om forbod mot utkast av fisk i Skagerrak, og sende den gongen eit sterkt signal til EU om å endre påbodet som EU-fartøy har om å kaste ut fisk som dei ikkje har kvote på eller som er for liten.

For to veker sidan sa Europaparlamentet ja til utkastforbod då dei vedtok innstilling si til felles fiskeripolitikk i EU. Saka skal denne våren drøftast mellom Europaparlamentet, Ministerrådet og Europakommisjonen.