Historisk arkiv

Opning av karrieredagen på konferansen Håp i havet 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Kjære studentar,

Takk for at eg fekk lov til å kome her i dag.  Håp i havet har utvikla seg til ein god og etter kvart, årviss tradisjon der mulegheitene i næringa står i sentrum. Eg er viss på at de har lagt ned ein stor innsats i å skape denne fine ramma rundt arrangementet.  For meg vitnar det om at næringa har ei god framtid i sikte med tilgang på ressurssterke personar. 

Konferansen Håp i havet gjev eit godt høve til å syne fram ei næring med dei beste framtidsutsikter. Fiskeri og havbruk er eitt av dei viktige satsingsområda for regjeringa fordi vi ser at her er grunnlag for ei omfattande framtidig næringsverksemd.    

I Soria-Moria erklæringa er det slege fast at regjeringa sitt mål er at Norge skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innan dei område der vi har fortrinn. Eit av områda regjeringa peikar ut er nettopp marin sektor, fordi vi der har både kompetanse og fortrinn. 

Regjeringa har stor tru på at det er muleg å nå denne visjonen, og difor har vi i Soria Moria -erklæringa lagd fram eit forslag til politikk på dette området. Og eg må seie at vi er godt i gang med å realisere denne politikken.  

Vi har:

  1. lagt fram ei strukturmelding og eit forslag til ny havressurslov der vi mellom anna understrekar at fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet.  
  2. laga ein ferskfiskstrategi der vi synleggjer mulegheitene som ligg i den gode tilgangen på ferskt råstoff.  Her har vi eit stort fortrinn.
  3. laga ein konkurransestrategi for havbruksnæringa. Denne strategien legg vekt på verdien av å gje næringa rammevilkår som hjelper ho til å sikre stillinga si som ein leiande, internasjonal produsent og eksportør.
  4. utvida det marine verdiskapingsprogrammet slik at det kan stimulerast til vidare utvikling og vekst i marine bedrifter som har eit potensial, men som ligg i område der ein slit med fråflytting og einsidig næringsstruktur.
  5. eit nytt statleg investeringsfond under etablering. Det er eit fond som skal bidra med langsiktig kompetent risikokapital til bedrifter, særleg i vekstfasen. Fondet er på 2,2 milliardar kroner, og av desse skal 500 millionar utelukkande gå til investeringar i marin sektor. 
  6. I tillegg har vi sett søkjelyset på eit område som før kanskje ikkje har fått så mykje merksemd som det burde - utvikling av ny næringsverksemd i kontaktpunktet mellom den tradisjonelle fiskeri- og havbruksnæringa og reiselivsnæringa. Dette er også omtala i ”Regjeringas reiselivstrategi -verdifulle opplevingar” som vart lansert no i desember.  

Fiskeri- og havbruksnæringa vil i lang tid framover vere føresetnaden for eksistensen til mange lokalsamfunn langs kysten.  Næringa gjev grunnlag for ”lys i husan”, som statsråden tidlegare har omtala det.  

Havet ligg der allereie som ei gåverik kjelde for mange ulike produkt som vi veit at forbrukarane vil ha, om vi steller oss rett.  Ei utfordring ligg i få kvalifiserte personar med god nok kunnskap til å fylle dei stillingane som er nødvendige for å utnytte resursane våre.  Innan utdanningssektoren har dei i fleire år merka ein nedgang i talet på personar som ønskjer å ta ei marin utdanning. Dette synest eg er illevarslande i eit samfunn der forbrukarane set stadig større krav til maten dei et og til miljøet rundt.  For å kunne gje dei den informasjonen dei ønskjer treng vi kunnskap – og bak kunnskapen må det stå kvalifiserte menneske.

Utdanning tar tid. Det betyr at  det er no vi må gjere dei endringane som framtida kjem til å trenge. Det er no vi må løyse dei problema som i dag legg hindringar for framtida.

De som er her i dag har tatt eit val – og eg er vel neppe heilt objektiv når eg seier at eg synest det er eit svært godt val de har tatt! Men kvart år går det altfor mange ut av skulane som ikkje tar eit val som er til fordel for marin sektor – vi må finne løysingar som gjer at vi kan snu denne utviklinga. 


Regjeringa tar problemet på alvor.  Eg er glad for å kunne informere forsamlinga om regjeringas nysatsing – ”Prosjekt rekruttering” -  som er ei nasjonal satsing på rekruttering og kompetanseheving i marin sektor. Det vil i første omgang bli sett av 3,6 millionar kroner kvart år i 3 år over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett, til saman 10,8 millionar kroner. Midlane skal finansiere to stillingar for å jobbe med tiltak og samordning for å auke rekrutteringa til marin sektor. Prosjektet vert lagt administrativt til Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond, og kontoret skal liggje i Trondheim. Det vert og oppretta ei styringsgruppe for prosjektet.

Det er store geografiske skilnader i Norge. Før valde ungdommane ofte utdanning ut frå tradisjon. Det nye mediesamfunnet gjev unge andre impulsar til val av utdanning enn det vi skulle tru ut frå bustad og tradisjon.   

Marin sektor har eit mangesidig behov når det gjeld kompetanse. Ei utfordring når det gjelde rekruttering ligg i at mange unge framleis tenkjer tradisjonelt i samband med det å arbeide i marin sektor.   

Eg skal nemne eit døme.  På ein rekrutteringskonferanse på Høgskolen i Bodø i fjor viste eit reklamebyrå til ei undersøking der dei hadde tatt føre seg ei gruppe ungdommar frå våre nordlegaste fylke. Dei vart spurde om kva for yrkesval som finst i fiskeribransjen. Eg må seie at svara overraska meg. Dei få som hadde ei oppfatning av yrkesval, svarde ut frå tradisjonell  tankegang – deira bilete av det å arbeide i næringa var stort sett avgrensa  til å sløye fisk.   

De som er her i dag veit betre – men, problemet er tydelegvis at mange som vel bort ei framtid i næringa gjer det fordi dei legg tradisjonelle fiskeriyrke til grunn for avgjerda si. I ein slik samanheng er ein konferanse som denne positiv fordi han er med på å synleggjere dei ulike yrkesval næringa har. 

Næringa treng den kompetansen både utdanning og erfaring kan gje. Det optimale er sjølvsagt ein kombinasjon av desse to kvalifikasjonane og kompetanseprogrammet Markedskompetanse for norsk sjømatnæring, er eit godt døme på det.  Programmet er ein del av Marint verdiskapingsprogram i Innovasjon Norge og går ut på å la dei med kompetanse frå marin sektor få mulegheita til å formalisere kunnskapen.

Kurset går over eit år og er retta mot dei i sjømatbedriftene som har ansvar for leiing innan strategi og/eller marknadsarbeid. Norges Handelshøgskule er fagansvarleg leverandør. 


Kva kan ein så gjere viss ein vil arbeid i den marine næringa?  Nær sagt alt, vil eg seie -  i alle fall er vala langt større enn det dei fleste ville tru.   

Næringa er bygd opp av mange bedrifter – store som små – og dei har mange generelle behov til høgare utdanning som kan likestillast med det mange andre næringar har: 

  • Marknadsføring - dei treng folk til å marknadsføre næring og produkt slik at dei får selt varene sine. 
  • Eksport – Norge er ein stor eksportør av produkt frå den marine næringa.  Å arbeide med eksport krev fagleg innsikt, språkkunnskap og kulturell forståing, og gjev dei som er interesserte mulegheita til å reise.
  • Økonomi – kvar hadde næringa vore utan denne kompetansen?  Ein treng folk som må vite meir enn at ein pluss ein er to, sjølv om det sjølvsagt er ei god start.
  • Forsking –  område som nye artar og bioteknologi treng ny kunnskap og fiskerihøgskulen er eit særs godt døme på denne kompetansen.
  •  Reiseliv – regjeringa la som nemnt nyleg fram ein reiselivsstrategi. Han tek til orde for ein kompetanse som dei fleste ikkje vil setje i samband med marin sektor.
  • Byråkrat – mykje av det som hender i næringa tar utgangspunkt i ei avgjer tatt sentralt i den offentlege forvaltninga.  Her har vi eit stort behov for ulike typar kompetanse. Det er alt frå juristar og sosialøkonomar til menneske med solid fagleg kunnskap om næringa.  Eg må i denne samanhengen få nytte høvet til å drive litt reklame for vår eigen stand som vi har her i dag. De kan besøkje standen og få meir informasjon om kva for kompetanse vi treng, og korleis de best muleg kan skaffe han.  Når vi ser på  dei som i dag arbeider i Fiskeri- og kystdepartementet kan vi vel trygt seie at mulegheitene er gode for folk med bakgrunn frå fiskerihøgskulen.  

Norge er eit føregangsland når det gjeld fiskeri- og havbruksnæring.  Dette betyr også mykje i ein internasjonal- og global samanheng. Utveksling av kompetanse mellom ulike land og verdsdelar er ei god kjelde for å synleggjere ulike problemstillingar ein kanskje ikkje elles ville tenkje over.  Er har tru på at ei slik utveksling av kunnskap vil vere kontaktskapande og ha verdi for mulegheitene og dei løysingane bedriftene vel i framtida.  

Likestillinga i marin sektor er ikkje så god som vi ønskjer og dette vil regjeringa endre på. I denne samanhengen vil eg trekkje fram fiskerihøgskulen som eit godt døme på ei god fordeling mellom kjønna.  Slik er det diverre ikkje i heile næringa.  

Gjennom Handlingsplan for økt kvinneandel i marin sektor,  har regjeringa sett søkjelyset på ulike problemstillingar og kva som bør gjerast for å endre på ei, totalt sett, skeiv kjønnsfordeling i marin sektor. 

Kvinner er ein viktig ressurs. Ser vi det i samband med at jenter meir enn før tek både vidare og høgare utdanning, så er det særs viktig å få dei til å velje ei utdanning innan det marine.  

Litt på skjemt kan vi seie at utan dagens unge kvinner så går busettinga langs kysten ei vanskelege tid i møte, men det har diverre eit element av alvor i seg.  Kvinnene er ikkje berre viktige for næringa, men og for busettinga langs kysten.  Eg håpar at dei fleste har ein tanke om kvifor det er slik.  Utfordringa ligg i å gjere noko med det. Her er dei talfesta måla regjeringa har sett ei god rettesnor for kva vi bør kunne forvente. 

Både de og eg er representantar for ei næring med framtida for seg. Vi har mange levande samfunn langs kysten vår og ein busetnad som er viktig for verdiskapinga i landet. 

 Ressursane i havet har gjennom generasjonar gitt håp og optimisme for framtida, og framleis er den tradisjonelle drifta ryggraden for mange av desse samfunna. Likevel er det og viktig for næringa at vi tør å tenkje nyskapande og finne fram til nye mulegheiter i grensflata mellom tradisjonell næring og anna næringsverksemd; her er reiseliv eit godt døme. 

Eg ikkje berre trur, men er tør å seie at eg veit, at med all den kompetansen de er representantar for, så gjev havet meir enn håp for framtida.

Eg er trygg på at her ligg grunnlaget for at fiskeri og havbruk vert ei solid framtidsnæring for landet vårt.   

Eg vil få ønskje dykk lukke til med denne karrierdagen og resten av konferanse ”Håp i havet 2008” !

Takk for meg.