Historisk arkiv

Lovforslag om endringar i biobanklova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til Stortinget om endringar i biobanklova § 12 som inneheld samtykkeføresegner for forskingsbiobankar.

Pressemelding

Nr.: 16
Dato: 07.04.06

Lovforslag om endringar i biobanklova

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til Stortinget om endringar i biobanklova § 12 som inneheld samtykkeføresegner for forskingsbiobankar.

– Endringane vil gjere det mogleg å gjennomføre nødvendig medisinsk forsking også på personar utan samtykkekompetanse. Slik kan vi få viktig kunnskap som kan brukast til å hjelpe denne gruppa, seier helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad.

I den gjeldande biobanklova kan ein ikkje gje samtykke på vegner av myndige personar som ikkje har samtykkekompetanse, og som derfor ikkje kan samtykkje sjølv. Som ei følgje av dette kan ein ikkje hente biologisk materiale frå denne gruppa til viktig forsking. Ein person vil reknast for ikkje å ha samtykkekompetanse når han eller ho på grunn av fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming openbert ikkje er i stand til å forstå kva samtykket omfattar.

Dei strenge samtykkekrava kan føre til at det blir forska lite på desse pasientgruppene, noko som igjen kan føre til dårlegare kunnskap og behandlingstilbod enn ein elles ville hatt.

- Det er viktig at det blir gitt høve til medisinsk og helsefagleg forsking som kan komme demente, psykisk utviklingshemma, personar i kliniske nødssituasjonar og andre utan samtykkekompetanse til gode. Regjeringa foreslår derfor ei lovendring som opnar for innsamling, oppbevaring og behandling av biobankmateriale på vegner av myndige personar utan samtykke­kompetanse til forsking, seier helse- og omsorgsministeren.

Personar utan samtykkekompetanse er ei sårbar og utsett gruppe, som kan ha vanskelegare for sjølve å ta vare på eigne interesser. Lovforslaget tek omsyn til dette, og set opp eit særleg vern for å sikre interessene deira og for å sørgje for at dei ikkje blir utsette for psykiske eller fysiske integritetskrenkingar.

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Kari Sønderland 22 24 86 75
Førstekonsulent Kaja Moe Winther 22 24 85 88