Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Krav om politiattest for helsepersonell og sosialpersonell frå 1. april 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Frå 1. april skal helsepersonell og sosialpersonell som skal yte tenester til barn eller personar med utviklingshemming leggje fram politiattest. Politiattesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller er dømd for seksualbrot eller barnepornografi etter straffeloven.

 

Frå 1. april skal helsepersonell og sosialpersonell som skal yte tenester til barn eller personar med utviklingshemming leggje fram politiattest. Politiattesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller er dømd for seksualbrot eller barnepornografi etter straffeloven.

Kravet om politiattest inneber at arbeidsgivar skal krevje politiattest lagt fram i samband med at det vert gitt eit tilbod om stilling som omfattar yting av helse- eller sosiale tenester til barn eller utviklingshemma. Kravet gjeld både offentlege og private arbeidsgivarar. Personell som er pålagde førelegg eller er dømde for brot på slike føresegner etter straffeloven skal ikkje kunne yte helsehjelp eller sosiale tenester til barn eller personar med utviklingshemming, og kan dermed ikkje verte tilsette i stillinga. 

Det vil vere naturleg at det allereie ved utlysing av ei slik stilling vert opplyst om at ein må leggje fram politiattest før ein tiltrer stillinga. Det er berre personar som ein faktisk har til føremål å tilsetje, som arbeidsgivarar skal krevje politiattest av. Søkjarar til stillingar der politiattest krevjast skal ikkje framleggje politiattest på eit tidlegare stadium i prosessen med tilsetjinga. Politiattest skal til dømes ikkje leggjast ved søknaden om ei stilling.

Private tenesteytarar (helsepersonell) som ikkje har nokon arbeidsgivar, skal leggje ved politiattesten i meldinga som skal sendast til kommunen eller det regionale helseføretaket om opning av ei verksemd eller når ein overtek eller trer inn i ei verksemd, jf. helsepersonelloven § 18. 

Til toppen