Historisk arkiv

Styrkjer e-helse med 50 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

God informasjons- og kommunikasjonsteknologi er ein føresetnad for gode helsetenester i framtida. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til e-helse med 50 millionar kroner på neste års budsjett. Totalt 151 millionar kroner er sett av til dette formålet i 2011.

God informasjons- og kommunikasjonsteknologi er ein føresetnad for gode helsetenester i framtida. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til e-helse med 50 millionar kroner på neste års budsjett. Totalt 151 millionar kroner er sett av til dette formålet i 2011.

- Med samhandlingsreforma skal vi bygge opp betre helsetenester der folk bur. Men samhandling føreset at elektronisk kommunikasjon er på plass og at dei tekniske mogelegheitane vert utnytta mykje betre enn i dag, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Regjeringa foreslår ein auke på 31 millionar kroner til Nasjonal strategi for elektronisk samhandling. Den totale løyvinga er på 76 millionar kroner. Midlane vil mellom anna gå til desse prosjekta:
• Kjernejournal. Arbeid med journal som skal sikre at livsviktige pasientopplysningar vert gjort tilgjengeleg for behandlande helsepersonell uavhengig av tid og stad.
• Helseportal. Utvikling av ein brukarvennlig helseportal med kvalitetssikra helseinformasjon og nyttige tenester for publikum og fagpersonell. På sikt er målet at pasientar/publikum gjennom portalen skal få tilgang til informasjon om eigen helse, for eksempel svar på prøvar, og kunne kommunisere direkte med helsepersonell.  
• Standardisering. Arbeidet med standardisering og sertifisering skal styrkast.  Bruk av felles standardar og sertifiserte løysningar er ein føresetnad for effektiv elektronisk samhandling i helse- og omsorgssektoren.
• Meldingsløftet. Utvikling av ei effektiv og heilskapleg utveksling av prioriterte meldingar mellom sjukehus, legekontor, pleie- og omsorgstenesta og helsestasjonar.
• Informasjonstryggleik. Norma for informasjonstryggleik i helse- og omsorgssektoren skal oppdaterast. Det er ein føresetnad for god elektronisk samhandling at informasjonstryggleiken vert styrka slik at personvernet blir tatt vare på.


Regjeringa foreslår ein auke på 19 millionar kroner til Norsk Helsenett SF.
Elektronisk samhandling føreset at alle kommuniserer på same ”kanal” og tek i bruk standardiserte løysningar. Norsk Helsenett SF skal sørge for eit sikkert helsenett, og skal tilby kommunane råd og hjelp ved innføring av elektronisk kommunikasjon.

56 millioner kroner vert vidareført til eReseptprosjektet. Dette er ei heilskapleg elektronisk løysing for å rekvirere og ekspedere reseptpliktige legemidlar, medisinsk utstyr og næringsmidlar.