Historisk arkiv

Vald i nære relasjonar kostar samfunnet 4,5 - 6 milliardar årleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Overslaget viser at det kostar samfunnet mellom 4,5 og 6 milliardar kroner årleg. Tilsvarande gransking har ikkje tidlegare vært gjort i Noreg.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Vista analyse sett på dei samfunnsøkonomiske kostnadane av vald i nære relasjonar. Overslaget viser at det kostar samfunnet mellom 4,5 og 6 milliardar kroner årleg. Tilsvarande gransking har ikkje tidlegare vært gjort i Noreg.

- Regjeringa vil halde fram arbeidet for å hindre vald og overgrep - særleg mot kvinner og barn. Rapporten vitnar om at vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunnsproblem, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Vista analyse har konsentrert seg om dei som i gruppa kvinner og barn er hardast ramma. Kostnadane inkluderer ikkje tap av livskvalitet som for dei fleste vil være den aller største kostnaden.

Rapporten finn at det å hindre vald i nære relasjonar og behandla ofra utgjer 2 – 2,4 milliardar kroner årleg. Barnevernets- og krisesentras kostnadar er dei største enkeltkategoriane.

Ofras kostnadar i form av tapte inntektsmoglegheiter er 1,8-3,3 milliardar kroner årleg.

Med samfunnsøkonomiske kostnadar meinast dei offentlege kostnadane i politi, rettsvesen, helsevesen osv. knytt til vald i nære relasjonar. Det omfattar og omkostningar som ofre for vald i nære relasjonar får i form av utlegg og tapte inntektsmoglegheiter. Andre samfunnsøkonomiske kostnadar for ofra og deira livskvalitet lar seg i praksis ikkje rekna ut.

Les rapporten her (pdf)