Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Betre moglegheiter for rettshjelparar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

– Rettshjelparar er eit nyttig supplement til advokatar i forhold til å yte juridisk bistand utanfor rettargang, seier justisminister Knut Storberget. Regjeringa har derfor fremja eit forslag om lovendringar når det gjeld organisering av rettshjelpsverksemd som blir ytt av juristar utan advokatløyve.

Pressemelding

Nr.: 35 - 2006
Dato: 07.04.06

Betre moglegheiter for rettshjelparar

– Rettshjelparar er eit nyttig supplement til advokatar i forhold til å yte juridisk bistand utanfor rettargang, seier justisminister Knut Storberget. Regjeringa har derfor i dag fremja eit forslag om lovendringar når det gjeld organisering av rettshjelpsverksemd som blir ytt av juristar utan advokatløyve.

Formålet med endringane er å stimulere fleire juristar til å etablere denne typen rettshjelpsverksemd, noko som vil medverke til å gjere juridisk bistand rimelegare og lettare tilgjengeleg for publikum.

- Auka konkurranse på dette feltet medfører eit større samla tilbod til folk flest og gir dermed større moglegheiter for betre tilgang til rettshjelp til ein lågare kostnad, seier justisminister Storberget.

Lovforslaget inneber at rettshjelparane også skal kunne organisere si verksemd i andre selskapsformer, tilsvarande som for føretak for advokatar, og at rettshjelparane blir underlagt dei same plikter og avgrensingar som advokatar på dette området.

Forslaget som ligg føre er eit ledd i Justisdepartementet sitt arbeid med oppfølginga av Advokatkonkurranseutvalet si innstilling i NOU 2002:18 rett til rett. Utvalet skulle mellom anna foreslå tiltak som kunne betre konkurransen eller på annan måte medverke til at advokattenester blir rimelegare og lettare tilgjengeleg for privatpersonar og mindre næringsdrivande.

Ot.prp.nr. 68 Om lov om endringer i lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene (domstolloven) (organisering av rettshjelpsvirksomhet)

Til toppen