Historisk arkiv

Eit krafttak for kriminalitetsofra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa vil gi fornærma og pårørande styrka rettar og betre hjelpetilbodet for kriminalitetsofra. For budsjettåret 2008 har Justisdepartementet sett av om lag 44 millionar kroner til dette føremålet.

- Regjeringa ønskjer å gi dei som er fornærma og pårørande styrka rettar i straffeprosessen. Alle som vert innblanda i ein kriminalsak skal behandlas med verdigheit og respekt. I mange saker kan meir aktiv deltaking frå ofra medverke til at straffesaka vert klara opp eller vert betre opplyst, seier justisminister Knut Storberget.

Regjeringa vil følgje opp utgreiinga frå Fornærmautvalet, og vil mellom anna leggje fram forslag om å utvide bistandsadvokatordninga og gi rett til kostnadsfri samtale med advokat i visse saker for å vurdere å melde forholdet til politiet. Regjeringa ønskjer òg å heva aldersgrensa for bruk av domaravhøyr av barn frå 14 til 16 år, samt å styrke retten til informasjon gjennom heile straffesakshandsaminga.

Retten til bistandsadvokat utvidast til blant anna å gjelde dei fleste seksualforbrytelser, til dømes voldtekt, vold i nære relasjoner og menneskehandel. Det same gjeld ofra for tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Desse vil òg få kostnadsfri samtale med advokat før melding inngis.  I tillegg skal etterlatne få tilbod om bistandsadvokat i fleire saker.

Regjeringa ønskjer å gi ofra rett til å ha ein kontaktperson i politiet og eit møte med aktor før hovudforhandlinga i visse saker og auke høvet til påverknad i straffesaka. Regjeringa vil fremme naudsynte forslag til lovendringar hausten 2007, med sikte på at dei kan tre i kraft frå 01.07.2008. Løyvinga for 2008 er basert på dette og foreslått auka med 13,35 millionar kroner.

- Vi må ha eit straffesystem der ofra kjenner seg inkludert og ivaretatt. Fleire ofre opplev møtet med rettsvesenet som utilfredsstillande og som ei tilleggsbelasting. Grunnane er ofte at dei ikkje får delta aktivt i saka og får lite informasjon, seier justisminister Knut Storberget.

Løyvinga er foreslått auka med 14,5 millionar kroner for å styrke stillinga til valdsofra spesielt. Retten til valdsoffererstatning skal utvidast, mellom anna skal barn som er vitne til vald mot nærståande, få rett til erstatning. Det same gjelde etterlatne til drapsofra og sysken av ofra. Menneske som får personskade på grunn av truslar vil òg omfattast av ordninga med valsoffererstatning. Naudsynte forslag til lovendringar vil bli fremma hausten 2007, med sikte på at dei kan tre i kraft frå 01.01.2008.

Innsatsen mot vald i nære relasjonar og overgrep mot barn skal styrkast med til saman 15,5 millionar kroner. Det skal i løpet av hausten 2007 etablerast Barnehus i Helseregion Vest, lokalisert til Bergen og i Helseregion Søraust, lokalisert til Hamar. I Barnehusa skal barn som har vore utsette for seksuelle overgrep eller har vore vitne til overgrep og vald, verte undersøkte medisinsk, få hjelp og behandling samt at det kan gjennomførast avhøyr av barna. Regjeringa tek sikte på å opprette Barnehus i dei andre helseregionane i løpet av 2008 slik at tilbodet vert landsdekkande. 

Ordninga med familievaldskoordinatorar i politiet skal vidareførast og utvidast til 100 prosent stilling. Dei vil òg få ansvaret for saker knytt til seksuelle overgrep. Det skal opprettast eigne team i dei største politidistrikta til å handtere denne type saker. Det skal vurderast om slik team òg skal opprettas i dei andre distrikta.

Regjeringa vil vidareutvikle ordninga med rådgjevingskontor for kriminalitetsoffer og sett av éin million kronar til eit pilotprosjekt for etablering av gratis støttetelefon for kriminalitetsoffer i 2008.

I tillegg:

Behandlingstilbodet til valdsutøvarar skal vidareutviklast og gjerast landsdekkande. Alternativ til vold (ATV) skal ha ei sentral rolle i dette. Det skal avsetjast inntil 3 millionar kroner til å etablere ytterlegare to ATV-tilbod samt auke tilskota til ATV i Asker og Bærum. Desse tilboda vil kome i tillegg til allereie eksisterande verksemd i Oslo, Drammen, Telemark og Vestfold. I 2007 er det løyvd i alt 1,55 millionar kroner til den sentrale verksemda ved ATV. Beløpet vil bli vidareført i 2008.