Historisk arkiv

Offentleglova utsett eit halvt år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet har utsett iverksetjinga av den nye offentleglova med eit halvt år. Under høyringa av forskrifta til den nye offentleglova kom det inn svært mange og fyldige høringsfråsegner. Det er ikkje mogeleg å gå igjennom eit så omfattande materiale på forsvarleg vis innan årsskiftet.

Justisdepartementet har utsett iverksetjinga av den nye offentleglova (offentlighetsloven) med eit halvt år. Under høyringa av forskrifta til den nye offentleglova kom det inn svært mange og fyldige høringsfråsegner. Det er ikkje mogeleg å gå igjennom eit så omfattande materiale på forsvarleg vis innan årsskiftet.

- Mange organ treng dessutan tid til å førebu seg etter at forskrifta er vedteken, seier justisminister Knut Storberget.

Før den nye offentleglova (lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd) kan setjast i verk, må det fastsetjast ei forskrift som utfyller lova. Departementet sendte 4. september 2007 eit utkast til forskrift på høyring med svarfrist 1. november 2007. I høyringsnotatet vart det opplyst at departementet tok sikte på at den nye offentleglova skal ta til å gjelde frå 1. januar 2008.

- For å få høve til å gjennomføre forsvarlege vurderingar av alle dei spørsmåla som er tekne opp i høyringsfråsegnene, treng Justisdepartementet meir enn tida fram til årsskiftet, seier justisministeren.  Fleire høyringsinstansar, særleg instansar som ikkje har vore omfatta av gjeldande lov, men som vil bli omfatta av den nye offentleglova, har også gitt uttrykk for at tida fram til nyttår ikkje er tilstrekkeleg til å gjere dei førebuingane som skal til før dei kan ta til å praktisere lova.

Justisdepartementet tek no sikte på at forskrifta skal fastsetjast før påske, og at den nye offentleglova skal tre i kraft 1. juli 2008. Det inneber ei tilsvarande utsetjing av tenesta med ein offentleg elektronisk postjournal (”OEP”).

Kjelder:

Den nye offentleglova (Lovdata)

Høyringsframlegget til forskrift til lova

Kontaktperson: Lovrådgivar Magnus Hauge Greaker, telefon 22 24 53 87/ 95 81 71 68