Historisk arkiv

Region sørvest: Storsatsing på kriminalomsorga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa vil i 2008 opprette eit nytt fengsel på Evjemoen, overgangsbustad i Kristiansand og sette i gang eit prøveprosjekt med straffegjennomføring med elektronisk kontroll.

Sidan sommaren 2006 er køen for fengselsstraff halvert. 28. september 2007 var køen på 1 350 dommar. – Regjeringa er på rett veg, men målet i Soria Moria-erklæringa om å avvikle soningskøen i perioden er enno ikkje nådd, seier justisminister Knut Storberget. I 2008 held satsinga på å avvikle soningskøen fram. Med 77 nye fengselsplassar vil regjeringa ha oppretta nær 400 nye fengselsplassar dei tre siste åra. I tillegg vil Halden fengsel gje 251 nye fengselsplassar når fengselet står klart til bruk våren 2010.

I Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder fylke er køen redusert frå 436 pr. 30. juni 2006 til 183 pr. 28. september 2007. I Region sørvest har kriminalomsorga nok plassar til å ta unna eigne dommar. Køen skyldes overføring av dommar frå andre regionar.

I 2008 vil Regjeringa opprette eit nytt fengsel på Evjemoen med 20 plassar med lågare tryggleiksnivå og etablere overgangsbustad i Kristiansand med 15 plassar. Regjeringa vil òg sette i verk eit prøveprosjekt i heile landet med straffegjennomføring med elektronisk kontroll som òg vil gje auka kapasitet for straffegjennomføring i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder fylke.

Opptaket til fengselsbetentutdanninga ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) vil bli rekordhøgt neste år. 250 aspirantar vil bli tatt opp ved KRUS i 2008. For å sikre nok fagfolk til fengsel der behovet er størst, vil ei av klassene frå januar 2008 bli gjennomført ved desentralisert fengselsutdanning i Åna fengsel.

I 2008 vil Justisdepartementet ta initiativ til å etablere eit prosjekt etter KrAmi-modellen i Rogaland. KrAmi er utvikla i Sverige og inneber eit utvida samarbeid mellom kriminalomsorga, sosiale styresmakter, Arbeids- og velferdsetaten og/eller utdanningsstyresmaktene. Målet med KrAmi er fast jobb og eit liv utan brotsverk.

I 2008 vil Regjeringa auke dei samla løyvingane til kriminalomsorga med om lag 630 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2007. Satsinga på kriminalomsorga i 2008 skal mellom anna gå til:

  • heilårsverknad av kapasitetsutvidingar frå 2007 og 77 fleire fengselsplassar i 2008.
    (til saman om lag 105 millionar kroner)
  • Trondheim fengsel: Ny avdeling for forvaringsdømde, 10 forvaringsplassar
  • Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt: 11 plasser med høgt tryggleiksnivå
  • Gjøvik og Vestre Slidre fengsel: 7 nye plasser – 2 med høgt tryggleiksnivå og 5 med lågare tryggleiksnivå
  • Ravneberget fengsel: Netto 7 nye plasser – 9 nye plasser med lågare tryggleiksnivå ved Ravneberget fengsel. Bortfall av to plassar ved Sandefjord fengsel som gjerast om til overgangsbolig
  • Vik fengsel: 7 plasser med lågare tryggleiksnivå
  • Evjemoen: 20 plasser med lågare tryggleiksnivå
  • Overgangsbolig i Kristiansand: 15 plasser med lågare tryggleiksnivå
  • auke bruken av straffegjennomføring i institusjon for innsette kvinner med rusproblem (1 million på justisbudsjettet, 100 millionar til rustiltak på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet)
  • straffegjennomføring med elektronisk kontroll (40 millionar kroner)
  • auka driftsramme til kriminalomsorga (20 millionar kroner)
  • auka løyving til vedlikehald ved Ullersmo fengsel (20 millionar kroner)
  • tilbod for domfelte/innsette (om lag 14 millionar kroner under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet)
  • heilårsverknaden av auka klasseopptak ved KRUS i 2006-2007 og eit ekstra opptak av 100 aspirantar i 2008 (36 millionar kroner)
  • vidareføring av bygging av Halden fengsel (530 millionar kroner i 2008, ei auke på 395 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2007).