Historisk arkiv

Kraftig reduksjon i inkassosatsane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har vedtatt å redusere skyldnarane sitt ansvar for inkassokostnader. – Formålet er å styrke stillinga til personar med gjeldsproblem, seier justisminister Knut Storberget.

– Reduserte inkassosatsar vil ikkje på eiga hand bringe folk ut av fattigdom, men kan hjelpe til å gjere kvardagen litt lettare, seier finansminister Kristin Halvorsen.

For forbrukarar blir inkassosatsane reduserte med mellom 20 og 50 prosent, avhengig av storleiken på kravet som blir drive inn. For eit krav på 2 500 kroner blir til dømes satsen redusert frå 1 180 kroner til 590 kroner. I næringsforhold blir satsane halvannan gong så høge som i forbrukarforhold.

Regjeringa har også vedtatt at det skal ta 14 dagar lengre før inkassoføretaket kan nytte den høgaste maksimalsatsen som gjeld for kravet. Dette gir skyldnaren noko betre tid til å gjere opp for seg.

Bakgrunnen for endringane er at dei norske maksimalsatsane ved inkasso ligg på eit høgt nivå samanlikna med andre land. Dei høge satsane kan vere med på å forsterke gjeldsproblem, samtidig som inkassoføretaka får ei forteneste som ikkje står i eit rimeleg høve til arbeidet med kvar einskild sak. Ein reduksjon i inkassosatsane kan lette skyldnarane si stilling og stimulere kredittytarane til å gjennomføre forsvarlege kredittvurderingar.

Endringane blir sette i verk 1. januar 2010.