Historisk arkiv

Delutgreiing frå utvalet for klagesaksbehandling på utlendingsfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Utvalet som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet, har i dag lagt fram ei delutgreiing for justisminister Knut Storberget.

Klagesaksbehandling på utlendingsfeltet
Øystein Mæland, leiaren av utvalet, og justisminister Knut Storberget.


Utvalet som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet, har i dag lagt fram ei delutgreiing for justisminister Knut Storberget.

Utvalet skal leggje fram ein NOU innan 1. desember i år, men blei bedt om å forsere delar av arbeidet. Denne delutgreiinga omhandlar spørsmålet om departementet bør ha utvida instruksjonsmyndigheit ovafor Utlendingsnemnda (UNE).

– Eg takkar for delutgreiinga som Øystein Mæland har gjeve meg i dag. Regjeringa ønskjer at sakshandbehandlinga skal vere så rask som mogeleg. Det er mest humant, både for dei som får bli og dei som må reise. Difor vil regjeringa, med bakgrunn i tilrådingane frå utvalet, vurdere korleis klagesaksbehandlinga best bør organiserast for å ivareta behovet for politisk styring, rettstryggleik, effektiv saksbehandling samt legitimitet, seier justisminister Knut Storberget.

Utvalet tilrår at departementet får utvida høve til å gje generelle instruksar til UNE, slik departementet i dag kan gjere ovafor Utlendingsdirektoratet. Utvalet tilrår ikkje at departementet skal kunne instruere UNE når det gjeld vurderinga av asyl.

Kontaktinformasjon: Øystein Mæland (utvalsleiar) mob. 93 42 44 81.