Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Rekordsatsinga på politiet held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa held fram arbeidet for å skape meir tryggleik og mindre kriminalitet. Etter den rekordhøge auken av politibudsjettet i 2010 på 1,3 milliardar kroner, foreslår Regjeringa å auke politibudsjettet med ytterlegare 547 millionar kroner i 2011.

To polititjenestekvinner.
Mellom anna gjer Regjeringa framlegg om at det skal leggast til rette for at ferdig utdanna politihøgskulestudentar skal kunne få tilbod om jobb i etaten. Foto: Kent Inge Olsen


Regjeringa held fram arbeidet for å skape meir tryggleik og mindre kriminalitet. Etter den rekordhøge auken av politibudsjettet i 2010 på 1,3 milliardar kroner, foreslår Regjeringa å auke politibudsjettet med ytterlegare 547 millionar kroner i 2011.

I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 430,7 millionar kronar til nytt nødnett. Til saman blir dette nesten ein milliard kronar til meir tryggleik og mindre kriminalitet i 2011.

– Politiet har fått fleire årsverk, betydeleg budsjettvekst og dei klarer opp fleire saker. Eg er glad for å kunne vidareføre rekordsatsinga frå i år, og samstundes plusse på ein halv milliard kroner ekstra. Auken skal bidra til å tryggje at politietaten framleis har tilstrekkeleg bemanning og kompetanse for å kunne utføre sine oppgåver, seier justisminister Knut Storberget.

Mellom anna skal det rekordhøge studentopptaket til Politihøgskolen på 720 studentar vidareførast i 2011, og det skal leggast til rette for at ferdig utdanna politihøgskulestudentar skal kunne få tilbod om jobb i etaten. Under asyl- og utlendingsforvaltninga foreslår Regjeringa å styrke Politiets utlendingseining sitt arbeid med retur av personar utan lovleg opphald.

Nærare om satsinga på politiet i 2011:

Utdanne fleire politifolk. Ei av dei største utfordringane denne regjeringa arva, var mangel på folk i politi- og lensmannsetaten. No er situasjonen i ferd med å bli betre.  I 2007 og 2008 vart det teke opp 432 studentar, medan opptaket i 2009 vart auka til 552 studentar. I perioden 2005-2009 ble det utdanna 648 fleire politistudentar enn under regjeringa Bondevik II. Opptaket blei auka ytterlegare i 2010 til rekordhøge 720 studentar, og no foreslår Regjeringa å vidareføre opptaket på 720 studentar også i 2011. Samstundes foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Politihøgskolen med 65 millionar kroner i forhold til saldert budsjett 2010.

Styrker bemanninga. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til politiet med 45,7 millionar kroner til 108 nye årsverk, noko som vil leggje til rette for at politihøgskulestudentane som blir ferdig utdanna sommaren 2011, skal kunne få tilbod om jobb i etaten i løpet av 2011. 22 av årsverka skal gå til Oslo politidistrikt, medan 10 årsverk skal brukast til styrking av kampen mot økonomisk kriminalitet. Fire årsverk vil gå til styrking av den faste valdtektsgruppa på Kripos, som da vil bestå av totalt 12 etterforskarar.

Regjeringa foreslår vidare å auke løyvingane til politiet med 80,05 millionar kroner til heilårsverknad av stillingar (inkludert Oslo politidistrikt) som blei oppretta til nyutdanna politihøgskulestudentar i 2010.

Asyl- og utlendingsforvaltninga. Regjeringa ønskjer at personar som ikkje oppfyller vilkåra for opphald i landet skal kunne returnerast raskt. Det blir derfor foreslått å styrke arbeidet med tvangsmessig retur av personar utan lovleg opphald med 70 millionar kroner. For å ivareta plassbehovet for fengsla personar etter utlendingslova og sikre ei sikkerheitsmessig forsvarlig drift, blir det foreslått å oppgradere bygningsmasse og installasjonar ved Politiets utlendingsinternat på Trandum samtidig som det vert etablert nye plasser. Måltalet for tvangsmessige uttransporteringar blir foreslått auka frå 3 700 i saldert budsjett 2010 til i overkant av 4 600 i 2011.

Politiets tryggingsteneste (PST). Som følgje av stadig større utfordringar når det gjeld omfang og kompleksitet på oppdraga til Politiets tryggingsteneste (PST), fikk PST i 2010 styrka løyvinga med 20 millionar kroner for å kunne ivareta pålagte oppgåver, mellom anna i samband med arbeidet med kontraterror og livvakttenesta. Regjeringa ser det som nødvendig å vidareføre styrkinga også i 2011, og foreslår derfor å auke løyvinga til PST med 20 millionar kroner.

Organisert kriminalitet. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om organisert kriminalitet. Denne meldinga skal legge grunnlaget for utvikling av heilheitlege strategiar i kampen mot denne typen kriminalitet.

For å styrke innsatsen mot mobil- og organisert kriminalitet foreslår regjeringa å opprette eit nytt statsadvokatembete ved Det nasjonale statsadvokatembete til kamp mot organisert og anna alvorleg kriminalitet.

Nødnett. Nødnett er eit nytt digitalt radiosamband for brannvesen, politi og helsevesen. Første utbyggingstrinn er sluttført og omfattar seks politidistrikt rundt Oslofjorden. I tillegg til satsinga på politiet, foreslår regjeringa i 2011 å løyve 430,7 millionar kroner til Nødnett for å ta høgde for ein mogleg avgjering om å gjera nettet landsdekkande. Nødnett vil bidra til en meir effektiv ressursbruk, gi økt tryggleik for dei tilsette i politietaten og ein styrka politikraft.

Økonomisk kriminalitet. Regjeringa arbeider med ein ny handlingsplan mot økonomisk kriminalitet. Innsatsen mot økonomisk kriminalitet skal styrkast med 10 stillingar i 2011.

Seksuelle overgrep. Valdtektsutvalget foreslo i NOU 2008: 4 Fra ord til handling å etablere ei ny landsdekkande spesialeining i politiet med ansvar for seksualisert vold. Regjeringa starta oppfølginga av forslaget gjennom å etablere ei fast valdtektsgruppe med åtte etterforskarar ved Kripos (fire etterforskarar i 2009 og nye fire etterforskarar i 2010). Kripos vil bli styrka med ytterlegare fire årsverk i 2011 til dette arbeidet.

Barn som ofre for vald og seksuelle overgrep. I 2011 vert det planlagt eit kompetansehevande seminar for politiet, påtalemakta, domstolane og advokatar om barn som ofre for vald og seksuelle overgrep.

Menneskehandel. Det er planar om å gjennomføre eit nasjonalt seminar om menneskehandel i 2011 med målgruppe politiet, påtalemakta, advokatar og domstolane. Vidare skal politiet si kompetansegruppe gjevast eit tydelegare mandat og politiinnsatsen skal evaluerast.

Vald i nære relasjonar. Regjeringa vil starte opp eit forskingsprosjekt for å vurdere dei samfunnsmessige kostnadene knytta til vald i nære relasjonar.

Valdeleg ekstremisme. Regjeringa vil i 2011 starte opp arbeidet med å etablere ein nasjonal kunnskapsportal på internett med informasjon om radikalisering og valdeleg ekstremisme. Nettportalen er tenkt å vera eit verktøy for offentlige myndigheiter, pårørande og andre.

Auka samarbeid i kampen mot kriminalitet. Regjeringa vil ta initiativ til å vurdere nye samarbeidsformer for ei god informasjonsdeling mellom næringsliv, politi og kontrolletatar i kampen mot kriminalitet.

Til toppen