Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Satsar på kriminalomsorga i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa vil styrkje løyvinga til kriminalomsorga med 10 millionar for å auke kapasiteten på ordninga med elektronisk kontroll, mellom anna i Hordaland. Samstundes vil regjeringa gjere drifta ved Bjørgvin fengsel permanent, og auke opptaket til fengselsbetentutdanninga.

Elektronisk heimesoning inneber bruk av fotlenke.
Elektronisk heimesoning inneber bruk av fotlenke.

Regjeringa vil styrkje løyvinga til kriminalomsorga med 10 millionar for å auke kapasiteten på ordninga med elektronisk kontroll, mellom anna i Hordaland. Samstundes vil regjeringa gjere drifta ved Bjørgvin fengsel permanent, og auke opptaket til fengselsbetentutdanninga.

– Erfaringane med elektronisk kontroll er gode. Ordninga er på plass seks stader i landet. Regjeringa vil no innføre ordninga i Hordaland, seier justisminister Knut Storberget.

Sidan prøveprosjektet starta for to år sidan har over 3000 domfelte søkt kriminalomsorga om å få sone fengselsstraffa med fotlenke. Om lag 1500 har allereie gjennomført straffa på denne måten. Bare 64 har blitt overført til fengsel etter brot på reglene for gjennomføringa, noko som er ein svært lav del.

Elektronisk heimesoning gir ein enklare overgong til livet utafor fengsel og er eit viktig tiltak for å frigjere fengselsplassar til varetekt.  For dommar opp til fire månader kan heile straffa sonas med elektronisk kontroll.

Bjørgvin permanent. – Bjørgvin fengsel har vore avgjerande i arbeidet med å avvikle soningskøa, seier justisminister Knut Storberget. Regjeringa vil no gjere drifta ved fengselet permanent.

Fengselet har òg vore langt framme i arbeidet med å gi dei innsette ei meiningsfull soning. Det er mellom anna filosof- og musikkterapeut tilsett i fengselet. 

Bjørgvin fengsel ligg på Breistein i Åsane, og er eit fengsel med lågare tryggleiksnivå. Fengselet har 90 soningsplassar.

Styrkjer utdanninga. For å sikre tilgangen på fagutdanna personell vil opptaket til fengselsbetentutdanninga ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) bli høgt i 2011. Regjeringa vil løyve 20 millionar for å auke talet på aspirantar ved KRUS, og ei av klassene skal gjennomføre utdanninga ved Bergen fengsel.

Til toppen